Arve Brunvoll er prest, professor emeritus og salmediktar. Han var med i redaksjonen for Norsk Salmebok (1985), og han har omsett fleire tekstar som har vorte svært populære.
Bakgrunn
Etter teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1962 og praktisk-teologisk eksamen i 1963 har han ein doktorgrad frå Glasgow University i 1968 om etikk og ein frå Universitetet i Bergen i 1997 om høvet mellom Luther-forståing og religionskritikk hjå filosofen Ludwig Feuerbach.
Brunvoll var skuleungdomsprest i Norges kristelige student- og skoleungdomslag i Stavanger 1964–1968, førsteamanuensis i systematisk teologi ved Norsk Lærarakademi (NLA) i Bergen frå 1968, rektor der i perioden 1992–1995 og professor frå 1999 og fram til han gjekk av for aldersgrensa i 2007.
Gjennom fire tiår var Brunvoll ein avhalden undervisar i systematisk teologi. Samstundes har han ein omfattande fagleg produksjon – særleg på områda etikk og salmeforsking. Mellom dei mange vitskaplege og kyrkjelege verva hans kan nemnast arbeidet i Liturgikommisjonen og Salmebokkomitéen for Den norske kyrkja 1972–1984.
Norsk Salmebok
I Norsk Salmebok (1985) hadde Brunvoll seks eigne salmar og over tretti omsetjingar eller gjendiktingar. Både hans originale «Du Ord frå alle æver» og den gamle irske «Deg å få skoda» har vorte mykje nytta i norske gudstenester frå slutten av 1980-åra.
Brunvoll er den som har aller flest salmar i den Norsk Salmebok (2013). Der har han heile 44 omsetjingar. Berre nynorskpioneren Bernt Støylen er i nærleiken av det talet med 38. Med sju eigne salmar er Brunvoll saman med Edvard Hoem (som har elleve) ein av dei to nolevande nynorskforfattarane som har flest salmar i boka.
Brunvoll sine originale salmar i Norsk salmebok 2013:
- Du ord frå alle æver (77)
- Ein bustad har du vore Gud (252)
- Kor herleg, Gud, å prisa deg! (255)
- Min hyrding er vår Herre Gud (328)
- Vi syng med takk og glede for Gud, vår kjære Far (432)
- Gud, send ditt ljos, di sanning ut (559)
- Du gav meg, Gud, eit liv i denne verd (722)