[go: up one dir, main page]

Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 8. juli 2020. Artikkelen endret 999 tegn fra forrige versjon.

Bård er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Bárðr av eldre Bá-røðr. Forleddet kjem av Bǫð- som tyder ‘strid’. Etterleddet -røðr (opphavleg -frøðr) tyder ‘fred’.

Her er det stikk motsett tyding i forleddet og etterleddet. Men alt i norrøn tid var namnet Bárðr ugjennomsiktig, og forfedrane våre kunne dermed ikkje utan vidare sjå at dette opphavleg var eit toledda namn.

Namnet har fleire variantar: Bård, Baard.

Namnedag er 2. desember. Borghild og Borgny har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Bård, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 4400 menn (fødde i Noreg) som hadde Bård som det einaste fornamnet eller som det fyrste av fleire.