[go: up one dir, main page]

Versj. 11
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 27. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Lateksallergi er allergi mot gummi. Den kan opptre som kontaktallergi med reaksjon i huda, til dømes ved bruk av gummihanskar.

Ein kan også få luftvegsallergi mot latex, med symptom frå luftvegane som nysing, kløe i nasen og augo (allergisk rhinokonjunktivitt) og astma. Slik allergi er IgE-mediert Type I hypersensitivitet, og i sjeldne tilfelle kan det komme ein anafylaktisk reaksjon (allergisjokk). Latexallergi har vore eit problem særleg blant helsepersonell, og hos pasientar med mykje kontakt med gummi.