Men før vinnarane bli kåra, er det jo kjekt å sjå seg opp på nokre av dei nominerte seriane.
Vi i Filmpolitiet har gått gjennom dei potensielle prisvinnarane, og valt ut fem seriar vi meiner det er verd å bruke helga på.
Her har vi ikkje med velkjente storseriar som «The Crown», «The Bear», «Only Murders in the Building» og «Baby Reindeer». Dette er mykje omtalte titlar som vi tenker at ikkje treng ein nærare introduksjon for Emmy-spente seriefans.
I staden har vi plukka ut eit knippe personlege anbefalingar. Fem varierte godbitar som bør vere topp opplading til årets Emmy-utdeling. Rekkefølga er sett opp etter antal nominasjonar.
Det er dessverre ingen norske TV-kanalar som viser Emmy-utdelinga i år.
«Shōgun»
«Shōgun» har vore ein av årets store serieattraksjonar. James Clavells roman med same namn frå 1975 har blitt til eit storslått, poetisk og påkosta historisk fiksjonsdrama som skin på skjermen.
Med visuell bravur og sterke personportrett blandar serien action, politiske intrigar, romantikk og europeisk innflytelse. Dette utspelar seg i Japan under den urolege opptakta til Edo-perioden (1603 til 1868).
ANMELDELSE: «Shōgun» – ein av årets store serieattraksjonar
Det er lett å trekke positive parallellar frå «Shōgun» til dei innleiande sesongane av «Game of Thrones», i måten brutal vald, renkespel og eit herleg rollegalleri tar oss med gjennom ein ti timar lang kamp om trona. Rett nok utan drakar, men med menneskekoking, samuraikamp og eit underhaldande driv av episk eventyr.
Nominert for: Beste dramaserie og 7 andre prisar.
Kan strøymast på: Disney+
«Fargo» S5
Antologiserien «Fargo» vender tilbake til røtene med sin femte sesong. Denne gongen med Juno Temple («Ted Lasso») og Jon Hamm («Mad Men») i hovudrollene.
Ei mislykka kidnapping, med eit tilhøyrande dødsfall, står sentralt i ei morosam og grufull historie som trekker både på Coen-brørne sin originale «Fargo»-film frå 1996 og på «Alene Hjemme»-filmens spenstige gladvald.
ANMELDELSE: Fargo S5 – Ein fest av ein mørk krimkomedie
Serieskapar Noah Hawley serverer nok eit stykke lunt og livsfarleg amerikana frå iskalde Midtvesten. Og sjølv om serien held det relativt lettbeint og underhaldande, rettast det presist skyts mot både religiøst vranglest kvinnesyn og opprivande familievald som gir serien ein alvorleg klangbotn.
Nominert for: Beste miniserie og 5 andre prisar.
Kan strøymast på: TV 2 Play
«Mr. & Mrs. Smith»
ANMELDELSE: Mr. & Mrs. Smith – Scenar frå eit agentekteskap
Det heile er gjort med ei estetisk fingerspisskjensle for velkomponerte overflater, kjølige brukargrensesnitt og motiv som fangar det framandgjorde. I tittelrollene sørger Donald Glover og Maya Erskine for at det svingar av krangling, komikk og kjemi.
«Mr. & Mrs. Smith» har eit oppmerksamt blikk for både det medmenneskelege og valdens komikk. Det gjer at serien treff nokre av dei same bekmørke stemningane som seriane «Killing Eve» og «Barry» lykkast så godt med.
Nominert for: Beste dramaserie og 4 andre prisar.
Kan strøymast på: Prime Video
«What We Do in the Shadows» S5
Serieskapar Jemaine Clement (som også stod bak filmen serien er basert på) har skapt eit serieunivers som er stappa med kreativ kraft og lekre detaljar.
ANMELDELSE: What We Do in the Shadows S5 – blodig morosam
Frå sprutande slapstick til forrykande påfunn, alt er fanga av eit leikent kamera og med god bruk av skrekksjangeren si skattkiste av filmtriks.
Her møtast «Spinal Tap» og «The Office» i ei lekker vampyrdrakt. Er du disponert, er det berre å la seg suge inn i ein herleg heilsprø serie.
Nominert for: Beste komiserie og to andre prisar
Kan strøymast på: Max
«Reservation Dogs» S3
Sterlin Harjo og Taika Waititis tilbakelente og stemningsfulle serieunivers er ei herleg blanding av deilig fjas, treffsikker systemkritikk og dønn ekte problem.
ANMELDELSE: Reservation Dogs S3 – Nydeleg generasjonsskildring
Serien starta som ei vittig og skarp oppvekstforteljing om fire ungdomsvenner på eit reservat i Oklahoma. Etter tre fantastiske sesongar har serien vakse seg til å bli ei av dei finaste og hjartelegaste generasjonsskildringane eg har sett på TV-skjermen.
Nominert for: Beste komiserie og beste skodespelar i ein komiserie.
Kan strøymast på: Disney+