Toots Thielemans
Toots Thielemans | |||
Dutch Big Band Contest, 2006 | |||
Fødd | 29. april 1922 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brussel i Belgia | ||
Død | 22. august 2016 | ||
Dødsstad | Braine-l'Alleud | ||
Fødenamn | Jean-Baptiste Frédéric Isidor, Baron Thielemans | ||
Alias | Toots Thielemanns | ||
Opphav | Belgia | ||
Aktiv | 1949–2014 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | kromatisk munnspel, gitar, fiolin | ||
Plateselskap | Riverside, Columbia Records, Polydor Records, Philips Records, ABC Records | ||
Verka som | komponist, jazzgitarist, munnspelar, filmmusikkomponist, plytrar, stemmeskodespelar, musikar | ||
Prisar | Paul Acket Award, octave d'honneur, NEA Jazz Masters, In Honorem - interprète, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, æresdoktor ved Vrije Universiteit Brussel, Bronze Zinneke, kommandør av Leopoldsordenen, ridder av Leopold IIs orden, Commander of the Order of Rio Branco |
Toots Thielemans (fødd 29. april 1922 som Jean-Baptiste Frédéric Isidor, daud 22. august 2016) var ein belgisk jazzmusikar kjend for å spele gitar og munnspel i tillegg til plystring. Thielemans er rekna som ein av dei beste munnspelspelarane på 1900-talet.[1][2]
Han arbeidd som bandleiar og som sidemann, mellom anna mange prosjekt med Quincy Jones, og har skrive mykje filmmusikk. I 2009 vart han NEA Jazz Master, den høgaste æresprisen ein jazzmusikar kan få i USA.[3]
Han er kanskje mest kjend for å plystre melodien i reklamane for etterbarberingsvatnet Old Spice.
Han annonserte at han trekte seg tilbake frå musikkverda den 12. mars 2014, 91 år gammal. Han spelte likevel på scenen den 17. august 2014 på Jazz Middelheim-festivalen i Antwerpen, der han spelte Louis Armstrong sin «What a Wonderful World».
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Thielemans starta karrieren sin som gitarist. I 1949 spelte han med Sidney Bechet, Charlie Parker, Miles Davis, Max Roach og andre i Paris.[4] I 1949 og 1950 spelte han med Benny Goodman på turné i Europa og var med på den første innspelinga si i Paris med tenorsaksofonisten Zoot Sims.[5] I 1951 hadde han blitt bandmedlem for Bobbejaan Schoepen (framleis som gitarist).[6][7]
Han flytta til USA i 1952 der han var medlem i Charlie Parker's All-Stars og arbeidde med Miles Davis og Dinah Washington.[treng kjelde] Frå 1952 til 1959 var han medlem av George Shearing Quintet, hovudsakleg på gitar, men òg på munnspel. Han spelte òg med Ella Fitzgerald, Jaco Pastorius, Stephane Grappelli, Édith Piaf, J.J. Johnson, Michael Franks, Peggy Lee, John Williams, Quincy Jones, Oscar Peterson, Bill Evans, Paul Simon, Billy Joel, The Happenings, Astrud Gilberto, Shirley Horn, Elis Regina, Joe Pass og andre.[2]
Ein jazzstandard av Toots Thielemans er «Bluesette», der han nyttar plystring og gitar i lag. Den første innspelinga med han er frå 1962, med tekst lagt til av Norman Gimbel. Songen vart ein stor hitt.
Han spelar munnspel i musikken til filmar som Midnight Cowboy, Cinderella Liberty, Jean de Florette, Sugarland Express, The Yakuza, Turkish Delight, The Getaway, French Kiss, Dunderklumpen i forskjellige fjernsynsprogram.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Store arbeid er:
- The Sound (Columbia, 1955)
- Time Out For Toots (Decca, 1958)
- Man Bites Harmonica! (Riverside, 1958)
- Soul (1959)
- The Whistler and His Guitar (1964, ABC-Paramount)
- Guitar And Strings . . . And Things (1967, Command)
- Honeysuckle Rose Aquarela Do Brasil (1969, med Elis Regina, Fontana Records, Philips)
- «Cinderella Liberty» 20th Century Fox 1973
- Only Trust Your Heart (1988, Concord Records)
- Footprints (1991, Universal)
- The Brasil Project (1992, BMG)
- The Brasil Project vol 2. (1993, BMG)
- Compact Jazz (1993, Verve)
- East Coast, West Coast (1994, Private Music)
- Apple Dimple (1994, Denon)
- Chez Toots (1998, Windham Hill)
- The Live Takes, volume 1 (2000, Quetzal records)
- Hard to Say Goodbye, the very best of Toots Thielemans (2000, Universal)
- Toots Thielemans & Kenny Werner (2001, Universal)
- One More for the Road (2006, Verve)
- Yesterday og Today (2012, Disques Dreyfus)
Som sidemann
[endre | endre wikiteksten]Lite utval.
Med Bill Evans
- Affinity (Warner Bros., 1979)
Med Dizzy Gillespie:
- Digital at Montreux, 1980 (Pablo, 1980)
Med Urbie Green:
- The Fox (CTI, 1976)
Med Oscar Peterson:
Med Billy Joel:
- «Leave a Tender Moment Alone» (1983, Columbia Records)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Toots Thielemans» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «National Endowment for The Arts, Toots Thielemans biography». Nea.gov. 29. april 1922. Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 31. august 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «All About Jazz, Toots Thielemans biography». Allaboutjazz.com. Henta 31. august 2014.[daud lenkje]
- ↑ «NEA, National Endowment for the Arts Announces the 2009 NEA Jazz Masters, June 3, 2008». NEA.gov. 30. mai 2010. Arkivert frå originalen 30. mai 2010. Henta 31. august 2014.
- ↑ «Festival International De Jazz All Stars in the Charlie Parker discography». Jazzdisco.org. Henta 31. august 2014.
- ↑ «Billboard, Thielemans biography». Billboard.com. Henta 31. august 2014.
- ↑ «Bobbejaan Schoepen: Belgian musician who worked with Jacques Brel and Josephine Baker - ''The Independent'', 30 July 2010». Independent.co.uk. 30. juli 2010. Henta 31. august 2014.
- ↑ «Biography Bobbejaan Schoepen». Bobbejaan.be. Henta 31. august 2014.