Svenska flaggans dag
Utsjånad
Svenska flaggans dag er den svenske nasjonaldagen og blir feira den 6. juni. Dagen er til minne om fleire hendingar som var viktige for den svenske nasjonen. Av dei vert særleg to framheva:
- 1523: Gustav Vasa blei vald til svensk konge av ein riksdag i Strängnäs. I det same blei Kalmarunionen oppløyst.
- 1809: Ein ny svensk grunnlov gav mykje makt til den svenske ståndsriksdagen då Karl XIII blei konge.
Dagen blei flaggdag i 1916 og svensk nasjonaldag i 1983. Før 2005 blei ikkje dagen feira so intenst mellom folk flest, mykje fordi dagen var vanleg arbeidsdag. Frå 2005 har han òg vore heilagdag, i staden for andre pinsedag.