Sula kommune
- «Sula» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sula (fleirtyding).
Sula kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Langevåg | ||
Areal | 58,51 km² | ||
• land | 57,06 km² | ||
• vatn | 1,45 km² | ||
Folketal | 9 720 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Turid Kristin Sand Humlen (H) (2023) | ||
Kommunenr. | 1531 | ||
Sula 62°25′29″N 6°12′22″E / 62.424722222222°N 6.2061111111111°E | |||
Kart som viser Sula kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sula, Norway | |||
Nettstad: www.sula.kommune.no |
Sula er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.
Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har den såleis vore sidan 1.1.1977.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.
Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.
Fiskerstrand verft
[endre | endre wikiteksten]Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.
Kjende sulalendingar
[endre | endre wikiteksten]Gruppene Ytre Suløens Jass-ensemble og Brazz Brothers kjem frå Sula, og det gjer òg ei rekkje andre kjende personar:
- Ole Andreas Devold (1829-1892), industrieigar
- Anton L. Alvestad (1883–1956), politikar og statsråd
- Inga Tusvik (1914-1992), cand. phil., stortingsrepresentant (V), rektor
- Olga Marie Mikalsen (1915–2006), sangar
- Magne Lerheim (1929-1994), cand. jur., universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen
- Jens Arne Molvær, (1940– ), musikar
- Tor-Johan Ekeland (1949–), psykolog
- Stein Erik Tafjord (1953–), musikar
- Runar Tafjord (1957–), musikar
- Helge Førde (1957–), musikar
- Jarle Førde (1956–), musikar
- Jan Magne Førde (1962–), musikar
- Nils Petter Molvær (1960– ), musikar
- Harald Devold (1964–), musikar
- Gry Molvær Hivju (1970–), journalist
- Annbjørg Lien (1971– ), felespelar
- Kåre Nymark (1972–), trompetist
- Hild Sofie Tafjord (1974– ), musikar
- Robert Post (1979– ), musikar
- Tricia Boutté, tilflytta jazzvokalist
- Lena Nymark (1980– ), musikar