[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ratchaburi-fylket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ratchaburi-fylket
จังหวัดราชบุรี
Land  Thailand
Areal 5 196,462 km²
Folketal 853 217 (31. desember 2014)[1]
Kart
Ratchaburi-fylket
13°31′44″N 99°48′52″E / 13.528888888889°N 99.814444444444°E / 13.528888888889; 99.814444444444
Wikimedia Commons: Ratchaburi Province

Ratchaburi (thai จังหวัดราชบุรี, uttala t͡ɕāŋ.wàt râːt.t͡ɕʰā.bū.rīː) eller Rat Buri (râːt bū.rīː) er eit fylke vest i Thailand. Det grensar til Kanchanaburi, Nakhon Pathom, Samut Sakhon, Samut Songkhram og Phetchaburi. I tillegg grensar det til Tanintharyi-regionen i Myanmar i vest. Tenasserim-åsane er ei naturleg grense.[2]

Fylkeshovudstaden er Ratchaburi. Elva Mae Klong renn gjennom sentrum av byen.

I 2018 var det 873 518 innbyggarar i fylket.

Toglinja mellom Narathiwat og Bangkok-Thonburi-stasjonen, også kalla Sør-bana, har stasjonar i fylket. Bana går sørover via Phetchaburi-fylket og nordover via Nakhon Pathom-fylket. Det går også to sidelinjer, ei som ender i Suphan Buri-fylket og Nam Tok-banaBurma-bana»), som no berre ender opp i Kanchanaburi-fylket.

Frå Chet Samian i Ratchaburi.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://stat.dopa.go.th/stat/statnew/statTDD/views/showDistrictData.php?statType=1&year=57&rcode=70.
  2. «Ratchaburi». Tourist Authority of Thailand (TAT). Arkivert frå originalen 20. mai 2015. Henta 28 May 2015. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.