Polygami
Polygami eller manggifte viser til ei ekteskapsform der éin person har fleire ektefellar, eller fleire personar er gift med einannan. På verdsbasis er det vanlegast at ein mann har fleire koner, noko ein kallar polygyni eller fleirkoneri, men det finst også døme på samfunn der ei kvinne kan ha fleire menn, som ein kallar polyandri, fleirmanneri.
Polygami har vore tradisjon i store delar av verda, men er i dag som regel forbode i vestlege og fleire ikkje-vestlege land. Islam er kjend for å godkjenna ekteskap med opptil fire koner, og denne samlivsforma er dermed lovleg i mange muslimske land. Fleire afrikanske land har også tradisjon for fleirkoneri.
Polyandri finst eller har funnest i fleire delar av Asia, til dømes blant stammefolk i Mongolia, Tibet, Nepal, Bhutan og område i nordre og nordaustre India.