[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Diktatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Militærdiktatur)

Diktatur er eit styresett der eitt enkelt parti, ein militærjunta, eller ein einerådande diktator har makta. Diktatur er kalla totalitære når styremaktene grip inn, legg under seg og kontrollerer alle sider ved sivilsamfunnet, og autoritære når styremaktene berre råder over eit avgrensa statsapparat. Dette skilet kan illustrerast ved at autoritære regime berre slår ned på dei som ope går ut og protesterer mot det, medan totalitære regime gjerne slår ned på alle som synest å ha negative meiningar om regimet. Døme på totalitære diktatur er Tyskland under Hitler og Sovjetunionen under Stalin.

Jamvel om diktatur ikkje er demokratiske, kan dei like fullt ha ein viss legitimitet.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.