Mazar-e Sharif
Utsjånad
(Omdirigert frå Mazar-e-Sharif)
Mazar-e Sharif | |||
by | |||
Land | Afghanistan | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 36°42′N 67°07′E / 36.700°N 67.117°E | ||
Høgd | 357 m | ||
Areal | 83 km² | ||
Folketal | 693 000 (2015) | ||
Tidssone | Afghanistan Standard Time (UTC+4:30) | ||
Mazar-e Sharif 36°42′00″N 67°07′00″E / 36.7°N 67.116666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Mazar-e-Sharif |
Mazar-e Sharif, også skrive Mazar-i Sharif, er den tredje største byen i Afghanistan, med eit folketal på 693 000 (2015).[1] Han ligg nord i landet og er administrasjonsstad for Balkh-provinsen .
Mazar-e Sharif ligg 300 km nordvest for Kabul, i ein elveoase nær Balkh. Ein stor del av innbyggjarane i Mazar-e Sharif er tadsjikarar eller usbekarar.
Industrien omfattar kornmøller og produksjon av silke- og bomullstekstilar.
Mazar-e Sharif er rekna som ein heilag stad i Afghanistan. Særleg sjiamuslimar valfartar til Imam Ali-moskeen i byen, der kalifen Ali skal vera gravlagd.
Mazar-e Sharif var sentrum for afghansk Turkestan frå 1852.
Under Taliban-regimet var Mazar-e Sharif ein viktig motstandsby.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Mazar-e Sharif», Store norske leksikon, 14. februar 2009
- Delar av denne artikkelen bygger på «Mazar-i-Sharif» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2016.
- ↑ «The State of Afghan Cities Report 2015». Henta 21 October 2015.