[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Makrofag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein makrofag som strekker ut "armane" (pseudopodiar) sine for å sluke to partiklar, truleg patogene.
Tryptan Blue Exclusion

Makrofagar (latin: macrophagocytus; av gresk makros 'stor', og phagein 'ete', «kjempe-etarar»; forkorta ) er ein type kvit blodcelle som omsluttar og fordøyar celleavfall, framandpartiklar, mikrobar og kreftceller gjennom ein prosess kalla fagocytose. Makrofagar blei fyrste gong oppdaga i 1884 av den russiske biologen Élie Metchnikoff.[1] Dei finst i nær sagt alle vev,[2] der dei patruljerer etter potensielle patogen gjennom amøboid rørsle. Dei spelar ei kritisk rolle i det ikkje-spesifikke forsvaret (medfødd immunitet), og bidreg med å iverksetje spesifikke mekanismar (tileigna immunitet) ved å rekruttere andre immunceller som til dømes lymfocyttar. Dysfunksjonelle makrofagar kan valde alvorlege sjukdommar som til dømes kronisk granulomatøs sjukdom, som fører til hyppige infeksjonar.

Makrofagar aukar betennelsesrespons, stimulerer immunsystemet, verkar antiinflammatorisk og dempar immunreaksjonar ved å sleppe ut cytokinar. Makrofagar som fremjer betennelse blir kalla M1-makrofagar, medan dei som dempar betennelse og fremjer vevsreparasjon blir kalla M2-makrofagar.[3] Denne ulikskapen speglar seg i stoffskiftet deira, der makrofagane har ei unik evne til å metabolisere ei aminosyre, arginin, til anten eit «drepemolekyl» (nitrogenoksid) eller eit «reparasjonsmolekyl» (ornitin).

Makrofagane hjå menneske er om lag 21 mikrometer i diameter,[4] og blir danna ved differensieringa av monocyttar i veva. Dei kan identifiserast ved bruk av flowcytometri eller immunhistokjemisk farging, der ein ser etter spesifikk uttrykking av ulike protein som til dømes CD14, CD40, CD11B, CD64, EMR1 (menneske)/F4/80 (mus), lysozym M, MAC-1/MAC-3 og CD68.[5]

  1. Semyon Zalkind (2001). Ilya Mechnikov: His Life and Work. Honolulu, Hawaii: University Press of the Pacific. s. 78, 210. ISBN 0-89875-622-7. 
  2. Ovchinnikov, Dmitry A. (2008). «Macrophages in the embryo and beyond: Much more than just giant phagocytes». Genesis (Institute for Molecular Bioscience and Cooperative Research Centre for Chronic Inflammatory Diseases (CRC-CID), University of Queensland, Brisbane, Queensland, Australia.: researchgate.net) 46 (9): 447–62. Henta 28. juni 2013. «Macrophages are present essentially in all tissues, beginning with embryonic development and, in addition to their role in host defense and in the clearance of apoptotic cells, are being increasingly recognized for their trophic function and role in regeneration.» 
  3. Mills, C. D. (2012). «M1 and M2 Macrophages: Oracles of Health and Disease» Critical reviews in immunology: 32(6): 463–488.
  4. Krombach, F., Münzing, S., Allmeling, A. M., Gerlach, J. T., Behr, J., Dörger, M. (1. september 1997). «Cell size of alveolar macrophages: an interspecies comparison». Environ. Health Perspect. 105 Suppl 5 (Suppl 5): 1261–3. 
  5. Khazen, W., M'bika, J. P., Tomkiewicz, C.; et al. (Oktober 2005). «Expression of macrophage-selective markers in human and rodent adipocytes». FEBS Lett. 579 (25): 5631–4.