Korjakar
Korjakar er ei folkegruppe frå Kamtsjatkahalvøya i austlege Russland. Rundt 8 000 menneske høyrer til gruppa. Dei lever først og fremst i Kamtsjatka kraj.
Korjakar har mykje til felles med nabogruppa tsjuktsjiar, og begge bruker nemninga luorawetlan ([ɬəɣʔorawetɬʔat]; eintal [ɬəɣʔorawetɬʔan]), som tyder 'det verkelege folket', om seg sjølv.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Korjakar talar språket korjakisk som er nært i slekt med tsjuktsjisk og høyrer til språkfamiljen tsjukotko-kamtsjatkiske språk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Korjakane levde i eit område som strekte seg heilt til nivkhområda i dagens Khabarovsk kraj fram til evenar kom til området og trengde dei ut til dagens område.[1] Talet på korjakar blei kraftig redusert av ein kopparepidemi i 1769-1770 og krigar mot russiske kosakkar, frå rundt 10-11 000 folk i 1700 til 4 800 i 1800.[2] I den russiske folketeljinga frå 2010 var det 7 953 korjakar.[3]
Før Russland tok kontroll over regionen levde korjakane i patriarkale storfamiliar. Nokre familiar var nomadiske og levde av reindrift. Andre levde fast i landsbyar og levde av jakt eller kvalfangst. Kvalfangsten deira gjekk tilbake på 1800-talet då talet på kvalar gjekk kraftig ned grunna industriell kvalfangst frå andre land. I staden auka fiske i tyding for korjakane. I den sovjetiske tida blei også dei nomadiske gruppen bufaste.
Under Sovjetunionen blei det autonome distriktet Korjakia skipa i 1931. Etter ei lokal folkerøysting i 2005 blei det slått saman med Kamtsjatka kraj frå 1. juli 2007.[4]
Sosialt liv
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt levde korjakane i koniske telt kalla tsjum dekte med mange skinn av til dømes reinsdyr. Midt i teltet var ein årestad som i dag gjerne er blitt bytta ut med ein jernomn. Senger med reinsdyrskinn på låg på austsida av teltet, som også hadde små skåp til å lagra mat, klede og andre eigedelar. Desse bygningane blir framleis brukt i dag, men mange korjakar bur no også i trehus.
Klede var tradisjonelt av skinn, igjen gjerne reinsdyr. Menn hadde lause bukser og ei skinnskjorte som ofte hadde hette. Medan ein i dag gjerne har gått over til å bruka tekstilklede, bruker dei framleis ofte tradisjonelle hattar og støvlar av skinn. Kvinner hadde liknande klesdrakt som menn, men med lengre skjørt som nådde leggen. I dag bruker kvinner gjerne hovudtørkle og skjørt av tekstilar, men bruker reinsdyrkåper i kaldt vêr.
Religion
[endre | endre wikiteksten]Dei flesta korjakane følgjer framleis tradisjonell sjamanisme. Mytologien krinsar rundt ein overnaturleg sjaman Quikil (Stor-ramn), som var den første mannen og vernar om korjakane.[4] Ramnemyter finst også hjå tlingitfolk og tsimshianfok på Haida Gwaii og andre urfolk i Alaska.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Korjaker» frå Wikipedia på svensk, den 19. juni 2017.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: Tysk Wikipedia
- Denne artikkelen bygger på «Koryaks» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Friedrich and Diamond
- ↑ «Indigenous Peoples of the Russian North, Siberia and Far East», Arctic Network for the Support of the Indigenous Peoples of the Russian Arctic
- ↑ Russian Census 2010: Population by ethnicity, arkivert frå originalen 24. april 2012 (russisk)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Chaussonnet, s. 28-29
- Chaussonnet, Valerie (1995) Native Cultures of Alaska and Siberia. Arctic Studies Center. Washington, D.C. 112p. ISBN 1-56098-661-1
- Friedrich and Diamond (1994) Encyclopedia of World Cultures: Russia and Eurasia- China. Volume 6. G.K.Hall and Company. Boston, Massachusetts. ISBN 0-8161-1810-8
- Kolga, Margus (2001) The Red Book of the Peoples of the Russian Empire. NGO Red Book. Tallinn, Estonia 399p ISBN 9985-9369-2-2
- Gall, Timothy L. (1998) Worldmark Encyclopedia of Cultures and Daily Life:Koriaks. Detroit, Michigan: Gale Research Inc. 2100p. ISBN 0-7876-0552-2
- Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eige: Chisholm, Hugh, red. (1911). Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- www.koryaks.net - kultur, språk og historie, av Alexander King, Aberdeen universitet.
- Die Korjaken, die Itelmenen[daud lenkje], av radio Stimme Russlands