[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

K2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
K2
K2 frå sør
K2 frå sør

K2 frå sør

Høgd over havet 8 611 m
Område Pakistan/Kina
Fjellområde Karakoram
Dominans 1 315,77 km → Mount Everest
Skardhøgd 4 020 m ↓ Lo Mustang
Koordinatar 35° 53′ 0″ N, 76° 31′ 0″ AKoordinatar: 35° 53′ 0″ N, 76° 31′ 0″ A
K2 (China)
K2 (China)
K2
K2
Førsteklatring 31. juli 1954 av Achille Compagnoni, Lino Lacedelli
Normalrute Abruzzi-ruta
Merknader Det nest høgste fjellet i verda og det høgste i Pakistan
Nordsida av K2, sett frå Kina
Nordsida av K2, sett frå Kina

Nordsida av K2, sett frå Kina

Virtuell flyreise rundt K2, DLR

Virtuell flyreise rundt K2, DLRbdep2

pd3pd5

K2 (urdu کے ٹو‎ – Ke Tu; kinesisk Qogir)[1] er det nest-høgaste fjellet i verda, og det ligg på grensa mellom Kina og Pakistan med ei høgd på 8 611 moh. Grensa mellom Kina og Pakistan går gjennom topp-punktet på K2; Grensa går mellom Xinjiang og Kashmir (nordaust i området Gilgit-Baltistan).

K2 vart kartlagt i 1856. Den fyrste fjellklatringa til topps, var i 1954.

Montgomerie si originalteikning merka K2 (til venstre) og K1 Masherbrum

Den engelske oppmålingsingeniøren Thomas George Montgomerie kartla toppane i Karakoram frå fjellet Harmukh, over 200 km lengre sør, og teikna dei to mest markante toppane som han merka K2 og K1.[2] Bokstaven K står for Karakoram. Tala har altså ikkje noko med høgda på fjella å gjere.

K2 (urdu کے ٹو – Ke Tu) er det offisielle pakistanske namnet på fjellet. Lambha Pahar er eit namn på urdu som tyder «høgt/stort fjell». Det offisielle kinesiske namnet Qogir er avleia av Chogori som kjem av chhogo (stort) og ri (fjell) på språket til baltifolket som bur i dalane vest for K2. Dette namnet er truleg konstruert av vestlege forskarar som var her tidleg på 1900-talet og den amerikanske fjellkatraren og lingvisten H. Adams Carter argumenterte i 1983 sterkt for ikkje å bruke det.[3] Lokalbefolkninga sjølve brukar avleiingar av K2, som Ketu eller Kechu.

K2 blir òg kalla «Mount Godwin-Austen» etter Henry Haversham Godwin-Austen, leiaren av ein ekspedisjon i 1856. Carter meiner namnet «Godwin Austen» opphavleg berre blei brukt om breen på søraustsida av K2, men at namnet på nokre kart ved ein feil vart tatt i bruk for heile fjellet.[4] Namnet «Dapsang» som ein kan sjå brukt no og då er ein rein feil; Dapsang er eit platå om lag 150 km frå K2.

Eit engelsk tilnamn på K2 er the savage mountain («det ville/brutale fjellet»). Blant andre den italienske klatrelegenden Reinhold Messner har gjeve K2 tilnamnet Berg der Berge («fjellas fjell»).

Geografi og geologi

[endre | endre wikiteksten]

K2 ligg som ein del av massivet Baltoro Muztagh i den nordvestre delen av fjellkjeda Karakoram som grensar mot Tarimbekkenet i nord og mot Vesle Himalaya i sør. Smeltevatn frå dei store isbreane, som dei sør og aust for K2 er ei viktig kjelde til vassforsyninga i dalane. Karakoram ligg langsmed det sørlege området til Den eurasiske plata og består av over 390 millionar år gamal sedimentstein. Desse laga blei falda og utsett for forkasting ved at granittmassar blei ført inn etter at Den indiske plata for over 100 millionar år sidan byrja å kollidere med Eurasia.[5]

K2 ligg på eit område med jamt over høgtliggande platå, som Karakoram, den tibetanske høgsletta og Himalaya, slik at skardhøgda målt mot Everest over Mustang Lo berre er på 4 020 meter, noko som gir eit så høgt fjell som K2 ein heller smålåten 22. plass over verdas høgaste skardhøgder. Mange mykje lågare toppar enn K2 er meir «sjølvstendige» rekna på denne skalaen.

Lokalt ragar K2 likevel høgt, meir enn 3 000 meter over bredalane ved foten av fjellet. Det er bratt på nesten alle kantar. Nordsida er brattast: på berre 3 km horisontal distanse stig terrenget 3 200 meter opp over Qogirbreen. På dei fleste sidene er stigninga over 2 800 meter på mindre enn 4 km.[6]

Rett sør for K2 ligg tre fjell i Gasherbrum-gruppa som òg strekkjer seg over 8 000 moh, og ingen stad i verda finst det så mange åttetusenmetrar på eit så lite område som i Sentrale Karakoram.

K2 blei første gong kartlagt av ei gruppe europeiske forskarar leia av Henry Haversham Godwin-Austen som i 1856 beskreiv toppane i området.

Per juli 2010 har 302 klatrar vore på toppen.[7]

Dei første forsøka på stigning til topps

[endre | endre wikiteksten]
Austsida av K2, foto frå 1909

Dei første menneska på K2 sine fjellsider var forskarar som Roberto Lerco (1890) og fjellklatrarar som William Martin Conway (1892) – han òg dreiv forsking på fjellet. Det er ikkje kjend kor høgt opp dei kom. Ein engelsk-austerriksk ekspedisjon leia av Oscar Eckenstein gjorde i 1902 det første alvorlege forsøket på å nå toppen. Klatraren Aleister Crowley ville gå over søraustegga, alle dei andre over nordaustegga – og i dette tilfellet hadde mindretalet rett. Over nordaustegga nådde dei berre om lag 6 000 moh, og rasande over det openberre feilvalet retta Crowley ein revolver mot ein medklatrar. Etter eit kort basketak vart han avvæpna. Under det neste forsøket gav Crowley Heinrich Pfannl diagnosen lungødem og redda livet hans ved at dei raskt steig ned til lågare terreng.

I året 1909 snudde ein italiensk ekspedisjon leia av Ludvig Amadeus, hertug av Abruzzo, på første forsøk over søraustegga ved 6 250 moh og konkluderte vonbroten at ingen nokon gong ville nå toppen.[8] Hertugen tok feil og Abruzzi Spur som ruta dei nytta blir kalla er i dag den mest brukte.

Tjue år seinare leia hertugen av Spoleto ein vitskapleg ekspedisjon på K2 der både sør- og nordsida blei utforska. Denne ekspedisjonen hadde ingen fjellsportslege ambisjonar. Den kjende geologen Ardito Desio var ein av deltakarane.

Neste toppforsøk kom i 1938, også den over Abruzziegga. Leiaren var Charles Houston. Bill House klatra den vanskelege passasjen som i dag blir kalla Bill's Chimney og Paul Petzoldt lukkast litt seinare å nå 7 925 moh.

Ekspedisjonar mellom 1939 og 1953

[endre | endre wikiteksten]

Fritz Wiessner og sherpaen Pasang Dawa Lama skreiv seg i 1939 inn i åttetusenmeters-historia då dei som del av ein amerikansk ekspedisjon klatra uten oksygenflasker. Dei snudde 230 meter under toppen då Pasang Dawa Lama meinte det var blitt for seint på dagen og tvilte på at dei hadde gudane med seg meir.

Neste planlagde forsøk dagen etter gjekk i vasken då stegjerna som var festa til Pasang Dawa Lamas ryggsekk forsvann slik at dei ikkje kom seg over isen. Neste gjennomførte forsøk blei ein tragedie då tre sherpas og amerikanaren Dudley Wolfe forsvann, truleg i ei lavine.

I 1953, året før toppen blei nådd for første gong, var ein amerikansk ekspedisjon leia av Charles Houston på fjellet. Dei nådde ei høgd på 7 800 meter. Same året gjennomførte Riccardo Cassin og Ardito Desio ein forskingekspedisjon for å førebu nye ekspedisjonar.

Første stiging til topps

[endre | endre wikiteksten]
Ruta til førstebestigarane med leirar

Den første vellukka oppstigninga stod Achille Compagnoni og Lino Lacedelli for den 31. juli 1954, dei var deltakarar på ein stor italiensk ekspedisjon leia av Ardito Desio, som hadde utforska K2 i 1929 og 1953. Klatrarlegenda Walter Bonatti og beraren Amir Mahdi frå Hunzadalen bar oksygenflasker opp til 8 100 meter og gjorde med det ein avgjerande innsats for at Lacedelli og Compagnoni nådde toppen. Då dei ikkje fekk anerkjenning for innsatsen, oppstod det konfliktar mellom deltakarane i ekspedisjonen.[9]

I 1954 stod italienarane Achille Compagnoni og Lino Lacedelli som dei aller første på toppen.

Hovud-klatreruter

[endre | endre wikiteksten]

Så langt har rutene i lista nedanfor blitt klatra.[10]

Ruter på sørsida (frå venstre mot høgre) A: Vestegga; B: Vestveggen; C: Sør-sørvestpillaren; D: Sørveggen; E: Sør-søraustegga; F: Søraustegga
Rute Første gong gått
Søraustegga (Abruzzi Spur) 1954
Nordaustega tilr Abruzzi-ruta 1978
Vestegga 1981
Nordegga 1982
Nordvestveggen til Nordryggen/Nordveggen 1990
Nordvestegga til Nordryggen 1991
Sør-søraustegga til Abruzzi-ruta (Cesen) 1994
Sørveggen 1986
Sør-sørvestpillaren 1986
Vestegga/-veggen kombinert 1997
Vestveggen 2007

Abruzzi Spur over søraustegga som førsteklatrarane nytta er den vanlegaste ruta. Denne ruta fører til The Shoulder (ca. 7900 m) som ein òg kan nå over Cesen-ruta. Det siste åtaket på toppen startar til vanleg frå «skuldra».

Andre oppstigingar

[endre | endre wikiteksten]
Den store séracen over The Bottleneck, om lag 8 200 moh.
Foto: Rolf Zemp

Dei følgjande åra konsentrerte mange klatrarar seg om jomfruelege 8 000-toppar. Det neste forsøket på K2 kom ikkje før i 1960, men det var mislukka. Mellom 1961 og 1974 sperra Pakistan Karakorumfjella som følgje av utviklingane som førte til Den andre indisk-pakistanske krigen. Nye forsøk kom i 1975 og 1976. Ein japansk ekspedisjon i 1977 var den andre som lukkast med å få folk på toppen. Dei gjekk ruta Abruzzi Spur som italienarane hadde gått opp og brukte meir enn 1 500 bærarar.[11]

Amerikanaren Louis Reichardt var 6. september 1978 den første som kom på toppen utan hjelp av medbrakt oksygen – om lag fire månader etter at Reinhold Messner og Peter Habeler var dei første til å gjere det same på Everest. Reichardt og kompanjongen James Wickwire hadde med seg ei mindre mengde oksygen som dei meinte å bruke under siste delen av oppstiginga om det skulle bli naudsynt. Wickwire tok i bruk oksygenet, men Reichardt la att utstyret og kom opp på toppen saman med Wickwire. Neste dag kom eit anna av ekspedisjonens taulag opp: Rick Ridgeway og John Roskelly – heller ikkje dei brukte tilført oksygen. Den amerikanske ekspedisjonen gjekk over nordaustegga (nordaust for Abruzzi-egga) til The Shoulder og vidare til toppen.[12]

23. juni 1986 blei Wanda Rutkiewicz den første kvinna til topps. Seinare same dag stod Liliane Barrard på toppen, men ho og ektemannen Maurice Barrard omkom under nedstiginga. Kroppen til Liliane blei seinare funne ved foten av sørveggen, medan mannen hennar vart ikkje funnen før i 1998.

Dei første forsøka på oppstiging i den såkalla alpinstilen, dvs utan korkje oksygenflasker eller førebudde ruter med høgdeleirar og faste tau, lukkast først i 1991. Dei to franskmennene Pierre Beghin Christophe Profit nådde toppen 15. august ved å klatre ulike ruter opp og traversere mellom nordvestegga og nordveggen.[13]

Denis Urubko og Serguej Samoilov gjekk opp nordsida til topps den 2. oktober 2007. Aldri før hadde nokon vore oppe så seint på året.

Dei første frå forskjellige land
[endre | endre wikiteksten]
Achille Compagnoni på toppen av K2 31. juli 1954.

Minst 80 (per september 2010) har mista livet på fjellet.

80-90% av alle som døyr på K2 gjer det under nedstigninga, utmatta etter oppstigninga i den tynne lufta. Fell ein først frå K2, fell ein heilt til botnen. Medan ein på Everest finn heile lik av omkomne klatrarar, finn ein berre lekamsdelar på breane ved foten av K2.[14]

I 1986 døydde 13 klatrarar frå ulike ekspedisjonar. Den største einskildkatastrofen skjedde 1. august 2008 då ein sérac – ein stor isblokk – losna og utløyste eit skred som reiv med seg dei faste taua på ein del av ruta.

I alt døydde 11 klatrarar på K2,[15][16] ni som direkte følgje av denne hendinga og to i fallulukker timane før.[17]

Sammenlikning med klatring på Mount Everest

[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å rekne K2 for eit vanskelegare fjell å klatre enn Mount Everest.[18] Grunnen er at K2 er brattare på alle sider, ligg lengre nord og har eit hardare og meir uberekneleg vêrlag. På K2 er det dessutan større avstand frå baseleiren til toppen.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Willi Bauer, Gertrude Reinisch: Licht und Schatten am K2
  • Ardito Desio: K2. Zweiter Berg der Erde. Nymphenburger, 1956. (Bericht der Erstbesteiger)
  • Kurt Diemberger: K2 – Traum und Schicksal. Bruckmann, 2004.
  • Hans Kammerlander: Am seidenen Faden. K2 und andere Grenzerfahrungen. Piper Verlag, München 2004.
  • Roberto Mantovani, Kurt Diemberger: K2 – Himalaya. Die große Herausforderung. Gondrom Verlag, Bindlach 2004.
  • Reinhold Messner und Alessandro Gogna: Berg der Berge, 1980.
  • Reinhold Messner: K2 Chogori. Der große Berg. Frederking & Thaler, 2004.
  • Rollo Steffens: Faszination Karakorum. Die wilden Berge Asiens, Bruckmann Verlag, München 2000.
  • Fredrik, Sträng; Johnsson, Per (2009). K2 På liv och död (på svensk). Stockholm: Månpocket Fakta (bokförlaget Forum). ISBN 978-91-7232-196-0. 

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Andre, mindre brukte namn er Lambha Pahar, Chogori, Mount Godwin-Austen, Dapsang
  2. Curran, Jim (1995). K2: The Story of the Savage Mountain. Hodder & Stoughton. s. 25. ISBN 978-0-340-66007-2. 
  3. H. Adams Carter: A Note on the Chinese Name for K2, «Qogir.» I American Alpine Journal 1983, s. 296 (AAJ Online). Henta 17. juni 2012.
  4. H. Adams Carter: Balti Place Names in the Karakoram. I American Alpine Journal 1975, S. 52–60. (AAJ Online). Henta 17. juni 2012.
  5. Earth Sciences and Image Analysis Photographic Highlights Arkivert 2011-11-19 ved Wayback Machine., NASA
  6. Jerzy Wala, The Eight-Thousand-Metre Peaks of the Karakoram, Orographical Sketch Map, The Climbing Company Ltd/Cordee, 1994.
  7. «Climber Lists: Everest, K2 and other 8000ers». 
  8. Sträng s.55
  9. «The First Ascent of K2», artikkel av David Roberts i National Geographic september 2004
  10. Routes – K2. auf 8000ers.com
  11. Curran, Jim (1995). K2: The Story of the Savage Mountain. Hodder & Stoughton. s. Appendix I. ISBN 978-0-340-66007-2. 
  12. Roberto Mantovani, Kurt Diemberger: K2 – Himalaya. Die große Herausforderung. Gondrom Verlag, Bindlach 2004, s. 75ff.
  13. Beghin, Pierre: «Solitude on K2», i American Alpine Journal 1992, s. 19–25 (AAJ Online). Henta 17. juni 2012.
  14. Sträng s.58f
  15. Sträng, s.5, «Den här boken tillägnas»: dediseringa listar opp namna på dei 11 som omkom
  16. «Climber: 11 killed after avalanche on Pakistan's K2». CNN. 3. august 2008. Henta 17 juni 2012. 
  17. Sträng, s.150 og s.158f.
  18. Sträng s.42

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]