Hugh Hopper
Hugh Hopper | |||
| |||
Fødd | 29. april 1945 Canterbury i Kent i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Canterbury | ||
Død | 7. juni 2009 (64 år) | ||
Fødenamn | Hugh Colin Hopper | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1963–2009 | ||
Sjanger | Jazzfusion, progressiv rock, eksperimentell | ||
Instrument | Bassgitar | ||
Tilknytte artistar | The Wilde Flowers, Soft Machine, Robert Wyatt | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Hugh Colin Hopper (29. april 1945–7. juni 2009) var ein engelsk bassgitarist innan progressiv rock og jazzfusion. Han var eit viktig medlem i Canterbury scene, som medlem av Soft Machine og forskjellige andre tilknytte band.[1]
Han starta karrieren i 1963 som bassist med The Daevid Allen Trio, i lag med trommeslagar Robert Wyatt, og skifta mellom frijazz og rhythm and blues. I 1964 starta han i lag med Brian Hopper (broren), Robert Wyatt, Kevin Ayers og Richard Sinclair The Wilde Flowers, eit popband. Dei gav aldri ut nokre innspelingar medan dei eksisterte, men vart rekna som grunnleggjarar av Canterbury scene[2] og utvikla seg til gruppene Soft Machine og Caravan.
Hopper starta først i Soft Machine som turnemanager, men han skreiv låtar alt for det første albumet, The Soft Machine og spelte bass på ein av songane. I 1969 vart han hyrt inn som bassist i bandet for det ander albumet deira, Volume Two og i lag med Mike Ratledge og Robert Wyatt, tok han del i innspelinga av eit soloalbum for Syd Barrett (tidlegare i Pink Floyd)[3]). Hopper spelte bass i Soft Machine fram til 1973. I 1972 spelte han inn det første soloalbumet sitt, 1984 (kalla opp etter George Orwell-romanen).
Resten av 1970-åra arbeidde han med grupper som Stomu Yamashta sitt East Wind, Isotope, Gilgamesh og Carla Bley Band. Han spelte òg i fleire band i lag med tidlegare Soft Machine-saksofonisten Elton Dean: Hopper/Dean/Tippett/Gallivan (med pianist Keith Tippett og trommeslagar Joe Gallivan) og Soft Heap (med klaverspelaren Alan Gowen og trommeslagar Pip Pyle).
I 1980-åra tok Hopper seg ein pause, før han i siste halvdel av 1980-åra byrja å arbeide med fleire band, mellom anna Pip Pyle sitt Equipe Out og Phil Miller sitt In Cahoots. Han spelte òg med ei gruppe nederlandske musikarar som først kalla seg Hopper Goes Dutch. Etter at den franske gitaristen Patrice Meyer vart med, vart denne gruppa kjend som Hugh Hopper Franglo-Dutch Band.
Etter fleire år i hovudsakleg instrumentale jazzgrupper, som Short Wave, i 1990-åra, byrja Hopper igjen å arbeide med meir rock-orienterte band, som Caveman Shoestore og songaren Lisa S. Klossner.
I 1990- og 2000-åra spelte Hopper i fleire band med tidlegare Soft Machine-medlemmmar, som SoftWorks, og seinare Soft Machine Legacy. I 2008 fekk Hopper diagnosen leukemi og døydde til slutt av sjukdommen i 2009.[4]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Som seg sjølv
[endre | endre wikiteksten]- 1973: 1984
- 1976: Cruel But Fair
- 1977: Hopper Tunity Box
- 1978: Soft Head - Rogue Element
- 1979: Soft Heap
- 1980: Two Rainbows Daily
- 1985: Mercy Dash
- 1985: Monster Band
- 1989: Alive
- 1991: Meccano Pelorus
- 1993: Hugh Hopper and Odd Friends
- 1993: Short Wave Live
- 1994: A Remark Hugh Made
- 1994: Hooligan Romantics
- 1995: Carousel
- 1995: Caveman Hughscore
- 1995: Adreamor
- 1996: Somewhere In France
- 1996: Bracknell-Bresse Improvisations
- 1996: MASHU - Elephants in your head?
- 1996: Best Soft (samling)
- 1997: Huge
- 1997: Highspot Paradox
- 1998: Different
- 1999: Delta Flora
- 2000: Cryptids
- 2000: Parabolic Versions
- 2002: Jazzloops
- 2003: In a Dubious Manner
- 2004: The Stolen Hour
- 2007: Soft Mountain
- 2007: Numero D'Vol
- 2008: Dune
Med Soft Machine
[endre | endre wikiteksten]- 1968: The Soft Machine
- 1969: Volume Two
- 1970: Third
- 1971: Fourth
- 1972: Fifth
- 1973: Six
Med andre (ikkje utfyllande)
[endre | endre wikiteksten]- 1962-5 Canterburied Sounds, Vol.s 1-4 (1998 samling av Brian Hopper)
- 1965: The Wilde Flowers (1994)
- 1969: Syd Barrett: The Madcap Laughs (to spor)
- 1969: Kevin Ayers: Joy of a Toy
- 1973: Stomu Yamashta's East Wind: Freedom Is Frightening
- 1974: Robert Wyatt: Rock Bottom
- 1974: Stomu Yamashta: One by One
- 1975: Isotope: Illusion
- 1976: Isotope: Deep End
- 1978: Carla Bley Band: European Tour 1977
- 1978: Gilgamesh: Another Fine Tune You've Got Me Into
- 1985: In Cahoots: Cutting Both Ways
- 1985: Pip Pyle: L'Equipe Out
- 1986: Patrice Meyer: Dromedaire viennois
- 1987: Anaid: Belladonna
- 1991: Lindsay Cooper: Oh Moscow
- 1999: Brainville: The Children's Crusade (med Daevid Allen, Pip Pyle)
- 2001: Glass Cage: Glass Cage Paratactile
- 2003: Soft Works: Abracadabra
- 2003: Bone: Uses Wrist Grab
- 2003: Polysoft: Tribute to Soft Machine[5]
- 2004: Brian Hopper: If Ever I Am
- 2005: NDIO Airback
- 2005: Soft Machine Legacy: Live in Zaandam
- 2006: Soft Machine Legacy: Soft Machine Legacy
- 2007: Soft Machine Legacy: Steam
- 2008: Brainville3: Trial by Headline (med Daevid Allen, Chris Cutler)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hugh Hopper» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hugh Hopper biography Arkivert 2008-06-24 ved Wayback Machine. at Calyx, the Canterbury web site[daud lenkje]
- ↑ http://calyx.perso.neuf.fr/index.html
- ↑ 2003 Cosmik Debris interview with Hugh Hopper, arkivert frå originalen 4. mai 2013, henta 8. mars 2011
- ↑ Soft Machine icon Hugh Hopper dies
- ↑ Polysoft: Tribute to Soft Machine Live at Le Triton 2002. Review at All About Jazz