Fri programvare
Utsjånad
Fri programvare er i følgje Free Software Foundation (FSF) programvare som gjer brukaren fri til å:
- køyre programmet, uansett føremål
- studere korleis programmet verkar, og tilpasse det til eigne behov
- redistribuere kopiar av programmet
- vidareutvikle programmet, og gje det ut med forbetringar, slik at alle får del i forbetringane
For punkta 2 og 4 er det eit krav at kjeldekoden er tilgjengeleg.
Ein programvarelisens som ofte vert nytta til fri programvare er GNU General Public License. Dette er ein lisens av typen Copyleft.
Programvare som ikkje er fri vert ofte kalla proprietær, godseigd eller ufri programvare. Fri programvare må ikkje forvekslast med Freeware, sidan fri programvare ikkje føreset at programvaren vert levert gratis. Fri programvare føreset derimot at kven som helst har rett til å gjere programvaren gratis tilgjengeleg.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fri programvare – definisjon frå FSF
- Sida til FSF på nynorsk Arkivert 2009-08-19 ved Wayback Machine.