Dunderlandsdal-ulukka
Utsjånad
(Omdirigert frå Dunderlandsdalen-ulukka)
66°26′8″N 14°48′39″E / 66.43556°N 14.81083°E Dunderlandsdal-ulukka var ei bussulukke som fann stad den 5. juli 1948 då ein buss køyrde av vegen og enda opp i Ranelva i Dunderlandsdalen nord for Mo i Rana. Med 16 omkomne er Dunderlandsdal-ulukka den norske bilulukka etter krigen som har hatt høgast tap av menneskeliv.[1][2]
Av dei 21 som var ombord, mista 16 personar livet. Dei døde var alle sørsamar på veg heim til Helgeland og Nord-Trøndelag etter stiftingsmøtet til Norske Reindriftsamers Landsforbund i Tromsø.[3][4][5] Fire av dei blei aldri funne. Ulukka fann stad etter at det venstre framhjulet til bussen eksploderte, og køyretøyet hamna i den flomstore elva.[4]
Det blei sett opp ein minnestein ved ulykkesstaden i 1950.[6][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Astri Husø og Grete Ingebjørg Berge (7. januar 2011). «Av de verste ulykkene etter krigen». NRK. Henta 8. januar 2011.
- ↑ Alvorlige bussulykker i Norge; Dagbladet; 31.10.1997
- ↑ Ørnulv Vorren. «Den tragiske bussulykken i Dunderlandsdalen» I: Ottar nr 105 (1978).
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «De falt på sin post...» : Dunderlandstragedien 5. juli 1948 : en utstilling fra Rana museum, Kulturhistorisk avdeling, 1998. Museet. 1998.
- ↑ Portrettbilder av dem som omkom; Digitaltmuseum.no
- ↑ Mistet faren som 10-åring; NRK, 5.7.2008
- Denne artikkelen bygger på «Dunderlandsdal-ulukka» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bare fem kom hjem i live, NRK.no