[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Christian Anfinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Anfinsen

Fødd26. mars 1916
Monessen
Død14. mai 1995
Randallstown
NasjonalitetUSA
Områdebiokjemi
Yrkebiokjemikar, kjemikar, universitetslærar, biofysiker
InstitusjonarJohns Hopkins University
Harvard University
Alma materUniversity of Pennsylvania
Swarthmore College
Harvard Medical School
Monessen High School
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det pavelege vitskapsakademiet

Dr. Christian Boehmer Anfinsen, Jr. (26. mars 191614. mai 1995) var ein norsk-amerikansk kjemikar som i 1972 mottok Nobelprisen i kjemi for forskinga si vedrørande ribonuklease, særskilt sambandet mellom aminosyre-sekvensar og biologisk aktiv konformasjon.

Anfinsen vart fødd i Monessen i Pennsylvania, der han voks opp i ein norsk-amerikansk familie. I 1937 tok han bachelorgrad ved Swarthmore College, mastergrad i organisk kjemi ved University of Pennsylvania i 1939, og Ph.D. i 1939 ved Harvard University.

I 1961 viste han at ribonuklease kan ombrettast etter denaturering og likevel oppretthalda enzym-aktivitet. Derved utleidde han at all informasjon som trengst for at proteinet skal kunna oppnå den endelege konformasjonen sin ligg koda i den primære strukturen til proteinet.

Han konverterte til ortodoks jødedom ved å gjennomgå giur-prosessen.

Christian B. Anfinsen handhelser på Jimmy Carter i 1980.
Foto: Libby Anfinsen

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]