[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Baskarlue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Baskarhue)
Auguste Rodin med baskarlue
Moderne baskarluer er gjerne mindre.Fotografi: Martin Lenes Trulsvik

Baskarlue eller alpelue er eit hovudplagg utan skygge eller brem, tidlegare kunne det vera strikka, no helst av ullfilt. Det har eit militært motstykke i bereten. Lua har eit sveitteband, og det er vanleg at dette er bretta opp når lua blir boren av karar. Kvinner brettar det ned somme tider.

baskisk blir lua kalla txapela ([tʃa'pela]), på spansk boina.

Det er omstridd om lua opphavleg kjem frå Pyreneene i fransk Baskerland, eller frå Béarn. Lua har minska i storleik opp i gjennom åra.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]