Amarantslekta
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå amarant (fleirtyding).
Amarantslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Amarantfamilien Amaranthaceae |
Underfamilie: | Amaranthoideae |
Slekt: | Amarantslekta Amaranthus L., 1753 |
Amarantslekta (Amaranthus) er ei planteslekt i amarantfamilien. Slekta omfattar rundt 70 artar som veks i tropiske og tempererte strok. Ingen av dei er viltveksande i Noreg, men nokre typar blir dyrka i hagar og dei kan veksa forvilla. Frø, blad og røter av fleire artar kan brukast som mat. Namnet «amarant» er av gresk opphav og tyder 'som ikkje visnar'.
Plantane i amarantslekta er eittårige og har skruestilte blad med svært små grøne eller raude blomar som sit saman i store, klaseforma aks. Både blomar og blad kan ha iaugefallande fargar, og nokre av artane er utbreidde som prydplantar, til dømes nåleamarant, reveamarant og bladamarant. Frøa til nokre av dei, som reveamarant og blodamarant, kan også nyttast som glutenfritt korn. Andre amaranttypar er rekna som ugras, til dømes duskamarant og gresk amarant.
Artar registrert i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Amarantar er rekna som framande artar i Noreg.
- kvitamarant (Amaranthus albus)
- meldeamarant (A. blitoides)
- blyamarant (A. blitum)
- reveamarant/revehale (Amaranthus caudatus)
- blodamarant (A. cruentus)
- broddamarant (A. deflexus)
- gresk amarant (A. graecizans)
- nåleamarant (A. hybridus)
- praktamarant (A. hypochondriacus)
- soyaamarant (A. palmeri)
- hamneamarant (A. quitensis)
- duskamarant (A. retroflexus)
- tornamarant (A. spinosus)
- smalamarant (A. viridis)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Amarant: botanikk» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. mars 2014.
- «Amaranthaceae», Encyclopædia Britannica, britannica.com
- Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012 Arkivert 2014-03-22 ved Wayback Machine., Artsdatabanken, artsdatabanken.no
- Delar av denne artikkelen bygger på «Amarantsläktet» frå Wikipedia på svensk, den 22. mars 2014.