Aboriginar
Utsjånad
(Omdirigert frå Aboriginarane)
Aboriginar (latin ab origine, 'frå byrjinga') er ei samnemning for australske urfolk. Ho omfattar som regel ikkje urfolka frå Torres Strait Islands, som har papuansk opphav.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei aller første aboriginane kom til Australia via Søraust-Asia for minst 65 000 år sidan, og danna opptil 500 ulike språkbaserte grupper.[1]
Dei førte ein nomadisk livsstil som jegerar og samlarar. Arbeidet var ofte fordelt slik at kvinner samla råvarer til mat, klede og verktøy medan menn jakta med spyd, slynger og bumerangar. Maten og andre ressursar blei så delt av alle medlemmene i ein klan som gjerne var sett saman av eit par brør med koner og ungar. Fleire klanar utgjorde ein stamme som søkte saman og hjelpte kvarandre i uår.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Berndt, Ronald M.; Tonkinson, Robert (2023). «Traditional sociocultural patterns». Britannica. Chicago: Encyclopædia Britannica, Inc. Henta 19. juli 2023.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
- Denne artikkelen bygger på «Aboriginer» frå Wikipedia på svensk, den 29. desember 2005.