[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Osmose: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
JAnDbot (diskusjon | bidrag)
s r2.5.2) (robot la til: so:Osmose fjerna: ca:Osmosi
MerlIwBot (diskusjon | bidrag)
s robot la til: be:Осмас
Line 36: Line 36:
[[da:Osmose]]
[[da:Osmose]]
[[ar:تناضح]]
[[ar:تناضح]]
[[be:Осмас]]
[[bg:Осмоза]]
[[bg:Осмоза]]
[[bs:Osmoza]]
[[bs:Osmoza]]

Versjonen frå 8. mai 2012 kl. 22:30

Illustrasjon av osmose

Osmose er diffusjonen av ei væske gjennom ein halvgjennomtrengeleg membran frå eit område med ei løysing av høg konsentrasjon til eit område med ei løysing av låg konsentrasjon.

Væske som kan trenge gjennom membranen vil gå frå den sida som har låg konsentrasjon av stoff som ikkje kan trenge gjenom membranen til den sida som har høg konsentrajon. Dette vil halde fram til det er lik konsentrajon av ugjenomtrengeleg stoff på begge sider. Flyten av væske kan stoppast med mottrykk på den sida som har høg konsentrasjon av ugjenomtrengeleg stoff. Trykket som trengs for å halde tilbake flyten av væske til området med høg konsentrajon kallast osmotisk trykk.

Celleveggar er døme på halvgjennomtrengelege membranar der det føregår osmose.

Dersom ein har eit trykk som er større enn det osmotiske trykket på den sida av membranen med høg konsentrasjon, vil flyten gå mot sida med låg konsentrajon av ugjenomtrengeleg stoff, og kallast omvendt eller revers osmose. Dette er viktig i industrien, som brukar det til å desalinere vatn (lage ferskvatn av saltvatn), i renseanlegg og for å lage alkoholfrie variantar av øl og vin.

Statkraft utviklar kraftverk som er basert på osmose, dei kallar saltkraft som utnyttar det osmotiske trykket mellom ferskvatn og saltvatn. Dersom ein lar ferskvatn gå gjenom ein membran, vil det oppstå trykk på saltvassida av membranen som kan brukast til å drive ein turbin.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff


Mal:Link AA