[go: up one dir, main page]






«No går året 1905 til kvile, og eg skilst frå det i djup takksemd fordi eg fekk oppleva det! Og likevel: Utan dei ungdomsdraumane som dette året har verkeleggjort, hadde ikkje kunsten min hatt sin rette bakgrunn.»   Edvard Grieg

Teke frå "Lokale naboer – nasjonale fiender" En storyline om 1905. Ressurshefte for lærere. Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum, 2005. Heftet henta sitatet frå Norges musikkhistorie, s. 96
Opphavleg tekst:
«Nu går Året 1905, til Hvile, og jeg skilles fra det i dyb Taknemmelighed, fordi jeg fik opleve det! Og dog: Uden de ungdomsdrømme som dette År har virkeliggjort, havde min Kunst ikke havt sin rette Baggrund.»

Informasjon
Opphav: Edvard Grieg

Kjelde:Norges musikkhistorie (bok)
Opphavleg mål: Dansk
År: 1905

Stikkord
1905
kunst
inspirasjon
erfaring
draumar
nyttår
«No går året 1905 til kvile, og eg skilst frå det i djup takksemd fordi eg fekk oppleva det! Og likevel: Utan dei ungdomsdraumane som dette året har verkeleggjort, hadde ikkje kunsten min hatt sin rette bakgrunn.»
Norsk postkort frå 1905.




Teke frå nrk.no
Opphavleg tekst:
«– Eg bruker å seie inspirasjonen er frå Gud og djevelen og dei fire verdshjørna.»

Informasjon
Opphav: Oddvar Torsheim

Kjelde:«Inspirasjonen hentar eg frå Gud og djevelen og dei fire verdshjørna» (artikkel)
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 2018
Periode: 2010-åra
Kontekst: Intervju med Torsheim i samband med åttiårsdagen hans

Stikkord
inspirasjon
Gud
Djevelen
verda
«Inspirasjonen er frå Gud og djevelen og dei fire verdshjørna»


«Inspirasjonen er frå Gud og djevelen og dei fire verdshjørna»   Oddvar Torsheim


Teke frå Halldis Moren Vesaas på Nynorsk Wikipedia

Informasjon
Opphav: Halldis Moren Vesaas

Kjelde:Ord over grind (diktsamling)

År: 1965
Kontekst: I forordet til Ord over grind, utvalde dikt (1965).
Sjå òg
Stikkord
skriving
inspirasjon
livnad
livet
dikt
«Dei dikta som gjennom åra 'steg ned' til meg har da òg vore eit slags biprodukt av det å leve.»


«Dei dikta som gjennom åra 'steg ned' til meg har da òg vore eit slags biprodukt av det å leve.»   Halldis Moren Vesaas


Teke frå Halldis Moren Vesaas på Nynorsk Wikipedia
Opphavleg tekst:
«Når livet bruste som høgst i ein, i lykke eller smerte, vart diktet til, gjorde teneste som ein ventil, rett og slett, som i den fosskokande gryta vi lærte om i fysikktimane da vi var små. I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få. Dei melde seg ikkje da, og som regel nyttar det lite å mane dei fram.»

Informasjon
Opphav: Halldis Moren Vesaas

Kjelde:Ord over grind (diktsamling)
År: 1965
Kontekst: I forordet til Ord over grind, utvalde dikt (1965).

Sjå og «Dikta [...] har da òg vore eit slags biprodukt av det å leve» frå same diktsamling.

Stikkord
gryter
inspirasjon
produksjon
livet
dikt
«I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få.»
Boblande ayahuasca-gryte.


«I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få.»   Halldis Moren Vesaas



Teke frå «Under aogiri-trærnes vinger» i Ny Tid, 03.08.2001
Opphavleg tekst:
«Far hadde lagd et trebein til meg og en dag tvang han meg til å bli med ham på jobben. Det var da jeg så aogiri-trærne utenfor bygningen. Før bomben pleide vi å sitte i skyggen av de fire trærne når vi hadde pauser. Ryktene etter krigen ville ha det til at ingenting kom til å kunne vokse i Hiroshima på 70 år. Men til min overraskelse så jeg at det vokste opp friske spirer fra de utbrente stammene til tre av trærne. Jeg tenkte med meg selv at dersom aogiri-trærne klarte å overleve og stå på egne bein, kunne jeg også klare det. Trærne ga meg styrke og energi til å ville leve.»

Informasjon
Opphav: Suzuko Numata

Kjelde:Ny Tid (avis)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 2001
Kontekst: Suzuko Numata opplevde atomboma i Hiroshima og måtte amputera beinet ved hofta etter eksplosjonen. Ho hadde fleire operasjonar og var på sjukehuset i over eitt år.

Stikkord
atombombene over Hiroshima og Nagasaki
katastrofar
håp
tre
inspirasjon
amputasjon
atomvåpen
Hiroshima
«Eg tenkte med meg sjølv at dersom aogiri-trea klarte å overleva og stå på egne bein, kunne eg òg klara det.»
Plante råka av atombomba i Hiroshima.


«Eg tenkte med meg sjølv at dersom aogiri-trea klarte å overleva og stå på egne bein, kunne eg òg klara det.»   Suzuko Numata