[go: up one dir, main page]

Ein veksel er ei godkjent oppfordring om å utbetale pengar (trukken veksel) eller erklæring av pengeskuld (eigenveksel). Den som skriv ut vekselen (trassenten), den som overdreg vekselen (endossenten) og den som garanterer for vekselen (avalisten) er vekselskuldnarar med eit solidarisk ansvar. Bruk av vekslar byggjer på ein internasjonal overeinskomst i Genève frå 1930 og er i Noreg regulert av Lov om veksler frå 1932.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.