Uret
Uret (frå latin Horologium) er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.
Uret | |
---|---|
Latinsk namn | Horologium |
Forkorting | Hor |
Genitivsform | Horologii |
Symbologi | Namngitt av la Caille |
Rektasensjon | 3 h |
Deklinasjon | −60° |
Areal | 249 kvadratgrader nr. 58 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | Alfa Horologii (α Hor) (3,8. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90° | |
Kjende objekt
endreStjerner
endreUret har ingen lyssterke stjerner. Alfa Horologii er den lysaste og er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,9, 115 lysår frå jorda. Beta Horologii er ei kvit kjempe med storleiksklasse 5,0, 314 lysår frå jorda. Uret har fleire variable stjerner. R Horologii er ei raud kjempe og Mira-variabel med ein stor variasjon, tusen lysår frå jorda. Ho har ei minste storleiksklasse på 14,3 og ein største storleiksklasse på 4,7. Perioden er kring 13 månader.[1]
Djupromsobjekt
endreUret har mange djupromsobjekt og det er fleire kulehopar i stjernebiletet. NGC 1261 er ein kulehop med storleiksklasse 8, 44 000 lysår frå jorda.[1] Kulehopen Arp-Madore 1 ligg i stjernebiletet, den mest fjerntliggande kulehopen ein kjenner til i Mjølkevegen, 398 000 lysår unna.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Horologium» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.
- ↑ 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 156-157.