Stutteri
Eit stutteri er ein stad som driv med al og oppdrett av hestar.
Historisk blei hestar ala av adelsfolk. I mellomalderen gav nokre av desse kloster i oppdrag å driva stutteri, ettersom dei lesekunnige munkane kunne føra stambøker. Spanske karteusarmunkar er særleg kjende for å ha ala fram andalusiaren på 1400-talet.
Seinare grunnla herskarar stutteri der dei kunne ala fram hestetypane dei ville ha. Statsstutteri gav gjerne tilgang til alshingstar utan at ein måtte betala dyre avgifter.
Dei austerrikske stutteria i Kladrub (no Kladruby i Tsjekkia) og Lipizza (no Lipica i Slovenia) blei grunnlagde i 1579 og 1580, og gav opphav til lipizzanar- og kladruberhestane.
På 1600-talet blei det grunnlagd fleire statlege stutteri for å sikra tilgangen på krigshestar til hærane. I Sverige blei det grunnlagd statsstutteri i Strömsholm, Flyinge og Ottenby på denne tida.
I 1665 gav Ludvig XIV av Frankrike ordre til ministeren Colbert om å laga ei stutteriordning for heile landet. Stutteria skulle ala, forska på og forbetra hesterasane. Bygginga av det første av dei, Haras du Pin, tok til i 1715. I dag er dette eitt av 23 franske statsstutteri.
Anna
endreNamnet til den tyske byen Stuttgart stammar frå stutteri.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Andalusian Arkivert 2009-04-10 ved Wayback Machine. ved ansi.okstate.edu
- Delar av denne artikkelen bygger på «Stud farm» frå Wikipedia på engelsk, og «Stuteri» frå Wikipedia på svensk den 14. september 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bennett, Deb (2004), The Spanish Mustang: The Origin and Relationships of the Mustang, Barb, and Arabian Horse, Frank Hopkins
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Delar av denne artikkelen bygger på «Haras nationaux (France)» frå Wikipedia på fransk, og «Haras du Pin» frå Wikipedia på fransk den 14. september 2009.