[go: up one dir, main page]

Sint Maarten
Det e flagget
Det e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Geografisk plassering av Sint Maarten
Offisielle språk Nederlandsk og engelsk
Hovudstad Philipsburg
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Willem-Alexander
Eugene Holiday
Marcel Gumbs
Status Autonomt land
Autonomt land i Kongeriket Nederlanda 10. oktober 2010
Valuta Antilliansk gylden
Tidssone UTC -4
Nasjonalsong «O Sweet Saint Martin's Land»
Internasjonal telefonkode +1 721


Sint Maarten er eit autonomt land i Kongeriket Nederlanda, som utgjer den sørlege delen av øya St. Martin. Den nordlege delen av øya er eit fransk oversjøisk område, Saint-Martin. Hovudstaden er Philipsburg, arealet er 34 km² og innbyggjartalet er 35 035 (2005).

I ei folkeavrøysting i 2000 gjekk 69,9 % av folket på Sint Maarten inn for å få status som eit eige land i union med Nederland innanfor Kongeriket Nederlanda. Dette skjedde den 10. oktober 2010, då Dei nederlandske antillane vart oppløyst som ei politisk eining.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.