Salsa
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå salsa til mat.
Salsa er ein musikk- og dansestil. Musikksjangeren har utvikla seg frå forskjellige afro-kubanske musikkstilar som son, mambo, cha cha cha, guaracha etc. Salsa som omgrep utvikla seg i den latinske busetnaden i New York på 1960-talet og består av dei nemnde kubanske musikksjangrane, i tillegg til innslag frå andre karibiske land som f.eks. Puerto Rico (bomba og plena).
Salsa er òg blitt populært i resten av verda med dansekurs i forskjellige stilretningar.
Ein viktig musikalsk byggjestein i salsamusikken er clavesrytmen, ein synkopert figur med 3 slag i éin takt og 2 i neste.
La Descarga leidd av Sverre Indris Joner vert rekna som det første orkesteret som spelte salsa i Noreg. I Bergen eksisterte tidlegare òg latinjazz-bandet Son Mu, leidd av Knut Kristiansen, som òg spelte salsa-relatert musikk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Salsa» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2008.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |