Pitcairn
Pitcairn (engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen), offisielt Pitcairn, Henderson, Ducie and Oeno Islands,[1][2][3][4] er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium. Arealet er 62 km². Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²). I januar 2020 hadde territoriet berre 47 fastbuande.[5]
Pitcairn | |||
Pitkern | |||
øygruppe | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Adamstown | ||
Areal | 47 km² | ||
Folketal | 50 (2019) | ||
Språk | Engelsk, pitkern | ||
Mayor | Simon Young | ||
Tidssone | −08.00 | ||
Retningsnummer | +64 | ||
Domene | .pn | ||
Pitcairn 25°04′04″S 130°06′16″W / 25.0677812°S 130.1045778°W | |||
Kart som viser Pitcairn.
| |||
Wikimedia Commons: Pitcairn Islands |
Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790.
Historie
endreDet kan ha budd polynesiarar på øygruppa i fleire hundreår tidlegare, men dei var folketomme då dei blei oppdaga av europearar.[6]
I 1790 kom ni av mytteristane frå det britiske skipet HMS «Bounty» til øya, i lag med fleire tahitiarar (seks menn, 11 kvinner og ein baby). Dei brann skipet og slo seg ned på øya.
I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overfolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.
Kjelder
endre- ↑ «British Nationality Act 1981 – SCHEDULE 6 British Overseas Territories». UK Government. September 2016. Arkivert frå originalen 12. april 2018. Henta 21. september 2016.
- ↑ «Pitcairn Constitution Order 2010 – Section 2 and Schedule 1, Section 6» (PDF). UK Government. September 2016. Arkivert frå originalen (PDF) 10. september 2016. Henta 8 October 2015.
- ↑ «Laws of Pitcairn, Henderson, Ducie and Oeno Islands». Pitcairn Island Council. September 2016. Arkivert frå originalen 29. januar 2018. Henta 8. april 2012.
- ↑ «The Overseas Territories» (PDF). UK Government. September 2016. Arkivert frå originalen (PDF) 20. oktober 2017. Henta 21. september 2016.
- ↑ Young, Simon (Januar 2020). «Letters to the Editor». The Pitcairn Miscellany 63 (1).
- ↑ Diamond, Jared M (2005). Collapse: how societies choose to fail or succeed. New York: Penguin. s. 132. ISBN 9780143036555. OCLC 62868295. «But by A.D. 1606 . . . Henderson's population had ceased to exist. Pitcairn's own population had disappeared at least by 1790 ... and probably disappeared much earlier.»
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |