[go: up one dir, main page]

Oti eller Pendjari er ei internasjonal elv i Vest-Afrika. Ho har utspring i Benin, dannar grensa mellom Benin og Burkina Faso, renn gjennom Togo og blir del av Volta-elva i Ghana.

Oti
elv
Kart
Oti
8°27′42″N 0°05′01″E / 8.4616666666667°N 0.083611111111111°E / 8.4616666666667; 0.083611111111111
Wikimedia Commons: Oti River

Geografi

endre

Otielva er kring 520 kilometer (323 mi) km lang.Kjeldene hennar er i Benin og Burkina Faso, og ho renn gjennom Benin og Togo og ut i Volta-elva i Ghana. Bielvande hennar på venstre side i Togo kjem frå Togofjella i sør. Ei av dei austlege sideelvane er Karaelva, som renn saman med henne på grensa mellom Ghana og Togo-grensen, med tilførsel frå ei anna sideelv, Koumongou-elva, frå sør. Munningen til Oti var tidlegare i Volta-elva, men ho renn no inn i den oppdemde Voltasjøen i Ghana.[1]

Elva kryssar den nordlege delen av Togo i ein savannedekt dal som er 40 eller 50 km brei. Ved breidda av elva er det galleriskog som regelmessig blir overfløymd. Den tørre sesongen her varer frå om lag november til april, med den varme, tørre harmattanvinden som blæs frå nord. På denne tida av året er flaumen i elva minimal. Både Oti og Koumongou har elvesletter som er høvesvis kring 10 og 4 km breie. Desse blir ofte overfløymde i regntida, medan dei i tørketida blir til tørre, støvfulle sletter med nokre vatn her og der i ulike søkk. Storfe beiter på elvesletta i tørketida. Det blir òg dyrka nokre avlingar i småskala her, og det blir drive jakt på vilt.[2]

Elva er ein del av grensene mellom Ghana, Burkina Faso, Togo og Benin.[3]

Oti renn gjennom Pendjari nasjonalpark i Benin[4] og Oti-Kéran nasjonalpark i Togo.[2]

Kjelder

endre
  1. Philip's (1994). Atlas of the World. Reed International. s. 101. ISBN 0-540-05831-9. 
  2. 2,0 2,1 Hughes, R.H. (1992). A Directory of African Wetlands. IUCN. s. 443–447. ISBN 978-2-88032-949-5. 
  3. «Ghana - Rivers and Lakes». Henta 17. august 2017. 
  4. «Parc National de la Pendjari». Arkivert frå originalen 14 July 2017. Henta 21 November 2016.