[go: up one dir, main page]

Oran er ein by i Algerie med ca. 850 000 innbyggjarar.

Oran
by
Land  Algerie
Areal 64 km²
Folketal 803 329 (14. april 2008)[1]
Kart
Oran
35°41′49″N 0°37′59″W / 35.696944444444°N 0.63305555555556°W / 35.696944444444; -0.63305555555556
Wikimedia Commons: Oran
Utsikt over Oran

Historie

endre

Dagens Oran blei grunnlagd i 903 av azdaja- og ajissa-berbarar frå Maghrawa-føderasjonen som hadde budd i området over lengre tid.[2] Byen hadde ein velståande periode under almohadkalifen Abd al-Mu'min, som bygde tretti skip for å knytta han til Andalusia.[2] Han var også ein rik hamneby under zayyaniden av Tlemcen, som særleg dreiv handel med Spania herfrå.[3] Oran blei erobra av Castilla under kardinal Cisneros i 1509, og var under spansk styre til 1708, då han blei teken av algerarar ved omleiringa av Oran (1707–1708). Spania tok byen tilbake i 1732. Under kong Karl IV av Spania blei byen så teken av ein koalisjon av algeriske styrkar i perioden 1790-1792. Ein bey styrte byen til 1831, då han blei teken av det franske Julimonarkiet.

Byen var underlagd Vichy-regimet under andre verdskrigen, men blei frigjort av dei allierte i Operasjon Torch i 1942.

Klima

endre

Oran har eit mildt klima om vinteren, og varmt om sommaren. Om vinteren kan ein ha temperaturar ned i 5°C, om sommaren kan dei bli opptil 46°C.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Oran