[go: up one dir, main page]

Nahuatl

uto-aztekisk språk

Nahuatl, aztekisk, er eit uto-aztekisk språk som vert snakka av om lag 1,5 millionar menneske i dei sentrale delar av Mexico. Det er det mest utbreidde språket i Mexico etter spansk, og er rekna som «nasjonalspråk» med same «verdi» som spansk og dei andre urfolksspråka i landet i den meksikanske loven om språklege rettar.[2]

Nahuatl
Nawatl, mexicano, nawatlahtolli
Klassifisering Uto-aztekisk
 Aztekisk
  Nahuatl
Bruk
Tala i  Mexico
Nahuatltalande i alt Ca. 1,54 millionar (2010)[1]
Offisiell status
Offisielt språk i Nasjonalspråk i Mexico[2]
Normert av Instituto Nacional de Lenguas Indígenas (INALI)
Språkkodar
ISO 639-2 nah
ISO 639-3 nah


Utbreiinga av nahuatl. i Mexico. Raudt viser byar der språket er det mest utbreidde. Grønt viser kvar nahuatl blei tala like før europearane kom til Amerika.

Wikipedia på nahuatl
Utbreiinga av nahuatl i Mexico. Tala står for kor mange nahuatlbrukarar det er i kvar delstat (estados).

Ein variant av språket blei tala av dei gamle aztekarane. I norsk har mellom anna lånorda «kakao» og «sjokolade» (cacahuatl, chocolatl), «avokado» (ahuacatl) og «tomat» (tomatl) blitt tatt opp frå nahuatl.

Kjelder

endre
  1. INEGI (2010). «Lenguas indígenas en México y hablantes (de 5 años y más) al 2010». http://cuentame.inegi.org.mx/hipertexto/todas_lenguas.htm
  2. 2,0 2,1 Ley General de Derechos Lingüísticos de los Pueblos Indígenas (PDF) (Diario Oficial de la Federación, publisert av Cámara de Diputados del H. Congreso de la Unión)

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikipedianahuatl

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.