[go: up one dir, main page]

Montevideo er hovudstaden i Uruguay og den klart største byen med om lag 1,35 millionar innbyggjarar. Byen ligg ved munningen av Rio de la Plata og er ei viktig hamn. Han er utfartsstad for fiske i Atlanterhavet, og har fleire fiskefabrikkar.

Montevideo
San Felipe y Santiago de Montevideo
by
Land  Uruguay
Areal 209 km²
Folketal 1 336 878  (2004)
Grunnlagd 1724
Kart
Montevideo
34°52′00″S 56°10′00″W / 34.866666666667°S 56.166666666667°W / -34.866666666667; -56.166666666667
Wikimedia Commons: Montevideo
Satellittbilde av Montevideo. (Kjelde: NASA)

Historie

endre

Montevideo blei grunnlagd 24. desember 1726 av spanske kolonistyresmakter for å hindra portugisisk innflytting i området. Det opphavlege namnet på byen var San Felipe y Santiago de Montevideo. Byen har eit universitet som blei grunnlagd i 1849.

Frå 1800-talet til 1900-talet var byen under sterk britisk påverknad for å motverka argentinsk og brasiliansk kontroll. Britane utvikla mellom anna eit omfattande jarnbanenettverk i området rundt. Den argentinske diktatoren Juan Manuel de Rosas omleira byen fleire gonger mellom 1838 og 1851.

Montevideo var ei nøytral hamn under den andre verdskrigen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Montevideo