Marjut Aikio
Marjut Aikio er ein finsk forskar og forfattar og professor emerita ved Universitetet i Tromsø.
Ho studerte ved Helsingfors universitet, og tok doktorgraden ved Oulu universitet i 1988.[1] Ho disputerte på avhandlinga Saamelaiset kielenvaihdon kierteessä. Kielisosiologinen tutkimus viiden saamelaiskylän kielenvaihdosta 1910-1980, ei studie av samiske språktilhøve i Vuotso i tidsrommet 1910-1980.
Aikio blei professor i finsk ved Universitetet i Tromsø i 1988. Ho har også vore seniorforskar ved Samisk institutt i Kautokeino og dosent ved Oulu universitet og Laplands universitet i Rovaniemi innan samisk kulturforskning.[1]
Ho har gjeve ut rundt 70 vitskaplege artiklar, der halvparten er på finsk og resten på andre språk. Dei tek hovudsakleg for seg samisk kultur eller samiske språktilhøve.[1]
Bøker
endre- Kirjeitä Saamenmaasta ('Brev fra Sameland', 2003)
- Särestö - taiteilijakoti ('ein kunstnarheim, 2005), kunstnarbiografi i samarbeid med sonen Matti Aikio, som illustrerte boka
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Maria Figenschau (3. april 2014), «Marjut Aikio - Stiftelsen Lásságámmi», www.lassagammi.no (på norsk), henta 10. mai 2022