Lviv
Lviv (ukrainsk skrift Львів, russisk skrift Львов, tysk Lemberg) er ein by vest i Ukraina. Byen vert rekna som det største kultursenteret i Ukraina i dag. Det historiske hjartet i byen med gamle bygningar og brusteinsgater overlevde andre verdskrigen og den påfølgjande sovjettida stort sett uskadd. Byen har mange industriar og institusjonar for høgare utdanning, som Lviv universitet og Lviv polyteknisk. Lviv har òg mange kulturinstitusjonar som eit filharmonisk orkester og det kjende Lviv opera og ballett. Gamlebyen er innskriven på verdsarvlista til UNESCO. Omkring halvparten av alle kulturminna i Ukraina finst i Lviv.
Lviv | |||
Львів | |||
by | |||
Gamlebyen i Lviv.
| |||
|
|||
Motto: Semper fidelis | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Lviv oblast | ||
Rajon | Lviv bykommune | ||
Høgd | 296 moh. | ||
Koordinatar | 49°51′0″N 24°01′0″E / 49.85000°N 24.01667°E | ||
Areal | 182,01 km² | ||
Folketal | 756 618 (2012) | ||
- storby | 1 498 000 | ||
Folketettleik | 4 157 / km² | ||
Grunnlagd | 1240-1247 | ||
• Magdeburgrettar | 1356 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 79000 | ||
Retningsnummer | +380 32(2) | ||
Bilnummer | BC (før 2004: ТА, ТВ, ТН, ТС) | ||
Lviv 49°50′33″N 24°01′56″E / 49.8425°N 24.032222222222°E | |||
Kart som viser Lviv.
| |||
Wikimedia Commons: Lviv | |||
Nettstad: http://lviv.travel/en/index (engelsk)
http://www.city-adm.lviv.ua (ukrainsk) |
Byen har dagleg flysamband med Warszawa, Frankfurt og Wien.
I 2009 kåra det ukrainske magasinet Focus Lviv til den beste ukrainske byen å bu i.[1] Sidan byen har ein vesteuropeisk atmosfære vert han kalla Ukrainas vesle Paris.
Byen var ein av vertskapsbyane under UEFA Euro 2012.
Lviv
endreLviv blir kalla Lwów på polsk, Lvovas på litauisk og Lemberg på tysk. Det latinske namnet er Leopolis, dvs. «Løvebyen».
Historie
endreSom ein mellomalderby i Raud Rutenia vart Lviv grunnlagd i 1240-åra av kong Daniel av Galizia frå det rutenske fyrstedømet Halytsj-Volhynia og kalla opp etter sonen hans, Lev. Byen er først nemnd i skriftlege kjelder i 1256 då ein brann i byen Chełm vart sett frå Lviv. I 1349 vart Raud Rutenia og Lviv innlemma i Kongedømet Polen av kong Kasimir III den store. Lviv høyrte til Polen 1349–1772, Det austerrikske imperiet 1772–1918 og Den andre polske republikken 1918–1945. I denne perioden fungerte byen som eit stort polsk og jødisk kultursenter og polakkar og jødar utgjorde majoriteten av folkesetnaden fram til den andre verdskrigen braut ut. Då Tyskland og Sovjetunionen invaderte Polen under andre verdskrigen vart Lviv og Lwów voivodskap okkupert og annektert av Sojvetunionen og vart ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken frå 1939 til 1941. Mellom juli 1941 og juli 1944 var Lviv under tysk okkupasjon og høyrte til Generalguvernementet. I juli 1944 vart byen erobra av den raude armeen og den polske heimearmeen. Etter avtalar i Jaltakonferansen vart Lviv innlemma i Ukrainske SSR. Dei fleste polakkane i Lviv vart overførte til polske område.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart byen ein del av det no sjølvstendige Ukraina, og er i dag det administrative senteret i Lviv oblast.
Klima
endreLviv har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb) med kalde vintrar og mild somrar[2]. Middeltemperaturen er -3,1 °С i januar og 18,3 °С i juli.[3] Årsmiddelnedbøren er 745 mm og mest nedbør kjem om sommaren.[3] Lviv får omkring 1809 soltimar i året[4]
Vêrdata for Lviv | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 13,8 | 17,7 | 22,4 | 28,2 | 32,2 | 33,4 | 36,3 | 35,1 | 31 | 25,3 | 21,6 | 16,5 | 36,3 |
Gjennomsnittleg maks °C | −0,1 | 1,3 | 6,3 | 13,6 | 19,4 | 22 | 23,9 | 23,5 | 18,3 | 12,9 | 6 | 0,9 | 12,3 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −3,1 | −2,2 | 1,9 | 8,3 | 13,8 | 16,4 | 18,3 | 17,7 | 13 | 8,1 | 2,6 | −1,8 | 7,8 |
Gjennomsnittleg min °C | −6,1 | −5,5 | −1,7 | 3,6 | 8,4 | 11,3 | 13,2 | 12,5 | 8,4 | 4,1 | −0,3 | −4,6 | 3,6 |
Lågast målte °C | −28,5 | −29,5 | −24,8 | −12,1 | −5 | 0,5 | 4,5 | 2,6 | −3 | −13,2 | −17,6 | −25,6 | −29,5 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 40 | 44 | 45 | 52 | 89 | 89 | 96 | 76 | 67 | 51 | 49 | 47 | 745 |
Gns. dagar med regn | 9 | 9 | 11 | 14 | 16 | 17 | 16 | 14 | 14 | 14 | 13 | 11 | 158 |
Gns. solskinstimar i månaden | 65,1 | 79,1 | 111,6 | 189 | 226,3 | 237 | 254,2 | 223,2 | 180 | 148,8 | 57 | 37,2 | 1 808,5 |
Kjelde: Pogoda.ru.net[3]HKO (sun only 1961-1990).[4] |
Folk frå Lviv
endre- Roman Sjukhevitsj, avdød militærleiar og kollaboratør
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lviv» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Lviv is the best city for living i Ukraine – rating, UNIAN (12 June 2009)
- ↑ Kottek, M.; J. Grieser; C. Beck; B. Rudolf; F. Rubel (2006). «World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated» (PDF). Meteorol. Z. 15 (3): 259–263. doi:10.1127/0941-2948/2006/0130. Henta 24. august 2012.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 21. april 2012.
- ↑ 4,0 4,1 Climatological Information for L'vov i Ukraina, Russland Arkivert 2018-12-26 ved Wayback Machine., vitja 21. april 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (ukrainsk)
- Lvivs reminissenser fotogalleri til Olena Krusjynska (ukrainsk, englesk, italiensk)