Loen
61°52′14.009″N 6°51′25.866″E / 61.87055806°N 6.85718500°E
Loen | |||
stad | |||
Loen ved Lobukta
Foto: Carlos Delgado | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stryn | ||
Loen 61°52′15″N 6°51′03″E / 61.8708°N 6.8507°E | |||
Wikimedia Commons: Loen, Stryn |
Loen er ei bygd ved Lobukta inst i Nordfjord, i Stryn kommune i Vestland fylke. Den største arbeidsplassen i bygda er familien Grov sine to hotell Alexandra og Loenfjord. Kjøttforedlingsverksemda Nordfjord Kjøtt ligg også i Loen og verksemda har kring 400 tilsette. [1]
Saman med jordbruk, er reiseliv og turisme viktige næringar i Loen og Lodalen, og her finst ei rekkje overnattings- og serveringsverksemder i turistsesongen.[2]
Loen og Lodalen er kjend for høge fjell og naturopplevingar. Mellom anna er fjella Skåla og Hoven med gondolbana Loen skylift, mykje besøkt. Nunataken Lodalskåpa er høgste fjellet på Jostedalsbreen. [2]
Inste delen av Lodalen og Lovatnet mot Kjenndal, er historisk sett prega av dei dramatiske Lodalsulukkene, som ramma bygdene Bødal og Nesdal i 1905 og 1936. Såret etter rasa er framleis godt synleg i Ramnefjellet. Den delen av Lovatnet som ligg under fjellet vart fylt opp av steinmassene som skapte flodbølgjene. Eit minnesmerke som står ved Lodalsvegen og ein minnesti på Nesodden, fortel meir om historia til dalen.[3]
Kjende personar frå Loen
endre- Eivind Grov, forretningsmann og direktør
- Richard Grov, hotellsjef
- Steinar Tenden, fotballspelar
- Sigurd Nesdal, forfattar, folkedansar
Biletgalleri
endre-
Loen
Kjelder
endre- ↑ «Om oss», Nordfjord Kjøtt AS (på norsk), 6. februar 2019, henta 3. oktober 2024
- ↑ 2,0 2,1 «Loen/ Lodalen - Stryn kommune», stryn.kommune.no, henta 3. oktober 2024
- ↑ «Minnesmerke om Lodalsulukkene 1905 og 1936», leksikon.fylkesarkivet.no (på norsk), henta 3. oktober 2024