Kosmetikk
Kosmetikk (av gresk kosmetike (tekhne), 'pyntekunst') viser til stell av hud, hår og negler. Produkt ein nytter til slik pleie, til dømes hudkrem, parfyme, sjampo, maskara eller leppestift, kan også kallast kosmetikk, kosmetika eller for nokre av dei sminke. Kosmetikk kan brukast til å framheva eller skjula visse karakteristikkar, særleg i ansiktet. Det blir ofte sett på som ein måte å forsterka venleik på.
I moderne tid har ein utvikla kosmetisk kirurgi, medisinsk behandling som først og fremst går ut på å forandra utsjånaden til ein pasient. I vidare tyding kan ein bruka omgrepet «kosmetisk» om overflatiske endringar som ikkje omfattar djupare forbetringar.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kosmetikk» frå Wikipedia på bokmål, den 27. september 2016.