[go: up one dir, main page]

Kargopol (russisk skrift Каргополь) er ein by i Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg på begge sider av elva Onega rundt fem kilometer nord for innsjøen Latsja.

Kargopol
Каргополь
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Kargopol
Byvåpenet til Kargopol


Plassering
Kargopol is located in Russland
Kargopol is located in Arkhangelsk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Arkhangelsk oblast
Først nemnd i
Bystatus
1146
1784
Geografi
Flatevidd
 - By

13 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

10 861
  835,5 /km²
Koordinatar 61°30′N 38°56′E / 61.500°N 38.933°E / 61.500; 38.933
Høgd over havet 120 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81841
Bilnummer 29
Nettstad: www.kargopol.ru

Geografi

endre

Klima

endre
Vêrdata for Kargopol
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −8,1 −6,4 −0,1 7,5 15,2 20,2 22,7 19,4 13,1 5,6 −1,7 −5,6 6,8
Døgnmiddeltemperatur °C −11,7 −10,2 −4,6 2,6 9,5 14,7 17,5 14,6 9,4 3,1 −4,2 −8,7 2,7
Gjennomsnittleg min °C −15,2 −13,9 −9,1 −2,3 3,9 9,1 12,2 9,8 5,6 0,6 −6,6 −11,7 −1,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 41,3 32,7 34,6 33,8 54,7 66,4 76,3 83,6 61,8 60,1 55,2 52 652,5
Kjelde: Каргополь погода и климат

Historie

endre
 
Ei av kyrkjene i Kargopol frå 1600-talet.

Det er uklårt kor tid Kargopol vart grunnlagd, men han er først nemnt i kjeldene i 1146. Han var ein handelsstasjon for Republikken Novgorod og ein av dei nordlegaste permanente slaviske busetnadane. Sjølv om det finst få kjelder frå den tidlegaste historia til byen, meiner ein at Kargopol var det viktigaste handelssenteret i Bjarmeland gjennom heile 1200- og 1300-talet. I 1447 var byen staden der Dmitrij Sjemjaka gøymde seg for Vasilij II av Moskva.

Byen ligg på den gamle ruta mellom Moskva og Arkhangelsk (på den tid den einaste russiske hamnebyen) og Kargopol vart ein av dei rikaste byane i Russland, særskild etter at det engelske Muscovy Company starta verksemda si her midt på 1500-talet. Under urotida i Russland motstod byen ei omleiring av polske og litauiske brigandar. Opprøraren Ivan Bolotnikov vart avretta i Kargopol i 1608.

Etter at Russland vann tilbake tilgangen til Austersjøen og Sankt Petersburg vart grunnlagt vart Kargopol mindre viktig. Folk frå Kargopol var likevel framleis aktive i utforskinga av det asiatiske Russland. Alexandr Baranov, den første guvernøren i Russisk Amerika (Alaska), vart fødd i Kargopol.

Kjende produkt og landemerke

endre

I dag er Kargopol ein søvnig historisk by ved Kenoozero nasjonalpark. Han er best kjent i Russland for Kargopol-leketøy (Kargopolskije igrusjki), som er små, enkle leirfigurar måla i tradisjonell stil.

Under gullalderen til byen på 1600-talet, vart Kargopol heimstad for ein sterkt lokalisert type russisk mellomalderarkitektur. Mange kyrkjer av tre og kvit stein har overlevd i byen og omegn. Den tidlegaste av desse bygningane er ein svartkupla katedral bygget av dolomitt av folk frå Novgorod og innvigd i 1562. Eit særmerke ved kyrkjene i Kargopol er fine utskjeringar i stein.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre