Jon Eikemo
norsk skodespelar
Jon Eikemo (fødd 30. november 1939) er ein norsk skodespelar frå Breistein i Åsane kommune (no del av Bergen kommune). Han debuterte på scena i 1961, og filmdebuten var i 1968 med filmen De ukjentes marked. Han fekk Spellemannprisen 1979 i open klasse for albumet Leser Jakob Sande og Norsk kulturråds ærespris for 2007 på 500 000 kroner.
Jon Eikemo | |||
Fødd | 30. november 1939 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Breistein | ||
Verka som | skodespelar | ||
Prisar | Spellemannprisen i åpen klasse, Norsk kulturråds ærespris |
Eikemo har vore tilsett ved Det norske teatret sidan 1978, og har tidlegare vore på Oslo Nye Teater (1975-78), Den Nationale Scene (1972-75), Nationaltheatret (1968-72), Det norske teatret (1966-67), Fjernsynsteatret (1964-65) og Riksteatret (1961-63).
Ved stortingsvalet 2009 stod Eikemo på 22. plass på Senterpartiet si valliste i Oslo.[1]
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Jon Eikemo hos IMDb
- Jakob Sande og Jon Eikemo - trur eg (1993). Jon Eikemo framfører dikt av Jakob Sande ved Fjernsynsteatret.