Isomorfi
Isomorfi (gresk isos, lik, og morf, form) er eit omgrep innanfor matematikk som syner til likskapen av to objekt. Omgrepet har ulik tyding i ulike greiner av matematikk.
I lineær algebra er ein lineær transformasjon mellom to vektorrom ein isomorfi viss og berre viss transformasjonen er bijektiv.
I abstrakt algebra er ein isomorfi ei avbilding som er ein bijektiv homomorfi slik at den inverse avbildinga òg er ein homomorfi. I kategoriteori syner ein isomorfi til ein morfi som har eit inverselement.
Relasjonen isomorfi er ein ekvivalensrelasjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Isomorfisme» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2011.