[go: up one dir, main page]

Industrialisering

Industrialisering er ei nemning på det å gå over frå manuelt arbeid til automatisert, maskinelt arbeide. I ein industrialiseringsprosess vert eit samfunn meir og meir prega av industri. Industrialisering kan verta gjort for å betra arbeidsmiljøet, men mest for å oppnå ei effektivisering av produksjonen.

Eit tidsrom med særleg kraftig industrialisering vert kalla industriell revolusjon. Mellom anna vert det tala om den industrielle revolusjonen (1700–1800-talet) og den andre industrielle revolusjonen (1871–1914).

Eit samfunn der industri vert mindre viktig, vert sagt å vera prega av avindustrialisering.

Sjå òg

endre