Hideki Yukawa
Hideki Yukawa (湯川 秀樹) (23. januar 1907–8. september 1981) var ein japansk fysikar.
I 1949 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk og vart med det den første japanaren med ein nobelpris. Yukawa vart i 1967 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.
Han var professor i Kyoto frå 1939 til 1970 og gjesteprofessor ved Columbia University i New York frå 1949 til 1953. Mellom 1953 og 1970 var han òg direktør for Forskningsinstituttet for fundamental fysikk i Kyoto. Yukawa sette i 1935 fram ein teori for å forklare kreftene som virkar mellom nukleona i ei atomkjerne. Teorien baserte seg på at det måtte eksistere partiklar med masse mellom elektronet og protonet. Desse partiklane vart først kalla Yukawa-tron, mesotron, og vert i dag kalla meson. Pi-mesona vart oppdaga i 1947 og hadde dei eigenskapane som teorien til Yukawa sa dei skulle. I 1949 fekk han Nobelprisen i fysikk for den teoretiske skildringa av mesona.
Kjelder
endre- «Hideki Yukawa» frå Wikipedia på bokmål, innhenta 17. april 2010.
- Yukawa «Hideki_Yukawa» i Store norske leksikon, snl.no.