Høgmellomalderen
Høgmellomalderen er ei periode av europeisk historie, den midtre delen av mellomalderen (etter tidleg mellomalder og før seinmellomalderen). Høgmellomalderen er rekna å ha omfatta 1000-talet og 1200-talet.
I dette tidsrommet såg Vest-Europa større stabilitet og vekst. Det blei fleire menneske, klimaet var varmt og gunstig for jordbruk, og skog- og myrområde blei rydda og folkesette. Det blei bygd ei rekkje kyrkjer i ny gotisk stil.
Barbarinvasjonar og vikingraid var stort sett slutt, og det blei utvikla statar i Norden og Ungarn, rike bystatar i Italia, og tidlegare statar som Frankarriket voks og fornya seg. Bortsett frå mongolinvasjonane kom ingen større trugsmål utanfrå. I staden oppfordra den katolske kyrkja kristne europearar til å ta tilbake landområde som var blitt muslimske gjennom Reconquista og fleire krosstog i Midt-Austen.
Norsk høgmellomalder
endreI Noreg er høgmellomalderen rekna for perioden frå 1184 til 1319, frå slaget ved Fimreite til Noreg gjekk inn i personalunion med Sverige.
Tidsline
endre- 1054 Det store skismaet. Det endelege skiljet mellom den katolske og den ortodokse kyrkja.
- 1066 Slaget ved Hastings. England kom under normannisk styre.
- 1071 Slaget ved Manzikert. Seldsjukkar overvann styrkar frå Bysantinarriket.
- 1095 Fyrste krosstoget
- 1291 Akko, den siste europeiske utposten i Midtausten, vart teken av Mamelukkane under Khalil.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «High Middle Ages» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2009.