Gullsjakal
Gullsjakal (Canis aureus), òg kjent som vanleg sjakal og i Austen òg som asiatisk sjakal. Han ein ein av tre kjende artar av sjakalar og høyrer til hundefamilien. Dette er den vanlegaste av sjakalane, og han finst både i det nordlege og austlege Afrika og i sørlege sentrale strøk i Eurasia .
Gullsjakal | |
Gullsjakal | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gullsjakal | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Hundefamilien Canidae |
Slekt: | Canis |
Art: | Gullsjakal C. aureus |
Vitskapleg namn | |
Canis aureus |
Gullsjakal minner om ein ulv, men er mindre enn ein setter. Han er gjerne omkring 70-85 cm (60-106 cm er målt) i kroppslengd. Halen er ca. 25 cm lang og skulderhøgda er normalt ca. 38-50 cm. Vekta er normalt kring 8-15 kg. Dei nordlegaste variantane blir som regel størst. I Afrika blir gullsjakal truleg berre unnataksvis meir enn 10 kg.
Pelsen er ganske grov og raudgul med ei kvit markering på halsen. Nokre stadar er han nær søvfarga over ryggen. Buken er lysare, nær kvit eller bleikgul. Haletippen er alltid svart. Pelsen blir gjerne noko mørkare i vinterhalvåret. Det første tilfellet av melanisme (svarte individ) blei dokumentert mot slutten av 2012.[1] Det er òg små skilnader mellom dei ulike variantane.
Underartar
endre- C. a. aureus
- C. a. algerensis
- C. a. anthus
- C. a. bea
- C. a. cruesemanni
- C. a. hadranauticus
- C. a. indicus
- C. a. maroccanus
- C. a. moreoticus
- C. a. naria
- C. a. riparius
- C. a. soundanicus
- C. a. syriacus
Kjelder
endre- ↑ Hüseyin Ambarli and C. Can Bilgin. (2013). First record of a melanistic golden jackal (Canis aureus, Canidae) from Turkey. Mammalia. Volume 77, Issue 2, Pages 219–222, ISSN (Online) 1864-1547, ISSN (Print) 0025-1461, DOI: 10.1515/mammalia-2012-0009, December 2012. Besøkt 2013-09-05
- Denne artikkelen bygger på «Gullsjakal» frå Wikipedia på bokmål, den 23. februar 2015.