Buzz Aldrin
(Omdirigert frå Edwin Aldrin)
Edwin Eugene «Buzz» Aldrin (fødd 20. januar 1930) er ein pensjonert amerikansk astronaut, pilot og oberst. Etter Neil Armstrong er han det andre mennesket til å gå på månen. Det gjekk føre seg den 20. juli 1969 med Apollo 11. Han er ein etterkomar av utvandrarar frå Värmland i Sverige.
Buzz Aldrin | |||
| |||
Fødd | 20. januar 1930 Glen Ridge | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | flyvåpenoffiser, jagerflyver, romfarar, sjølvbiograf, science fiction-forfattar, ingeniør, forretningsdrivande | ||
Institusjonar | NASA | ||
Alma mater | Massachusetts Institute of Technology United States Military Academy Severn School Montclair High School | ||
Doktorgradsrettleiar | Walter Wrigley Myron A. Hoffman Robert L. Halfman Norman E. Sears | ||
Ektefelle | Anca Faur, Beverly Van Zile, Lois Driggs Cannon, Joan Ann Archer | ||
Medlem | International Academy of Astronautics |
Romferder
endre- Gemini 12 - Siste ferda i Gemini-programmet
- Apollo 11 - Dei første menneska på Månen
Aldrin var reserve for Gemini 9A.