Dvergsvane
Dvergsvane (Cygnus columbianus) er ein holarktisk fugl i andefamilien. Ho har hekkeområde i arktisk del av Eurasia og Nord-Amerika og migrerer til varmare område om vinteren. Arten er ein fåtalig vintergjest i Noreg. Av dei seks artane av svaner i slekta Cygnus er dvergsvana den nest minste.
Dvergsvane | |
Dvergsvane, Cygnus columbianus Foto: Maga-chan
| |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av dvergsvane | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Cygnus |
Art: | Dvergsvane C. columbianus |
Vitskapleg namn | |
Cygnus columbianus |
Skildring
endreDvergsvana er 115–140 cm lang og veg frå 3,4 til 7,8 kg og er med det den minste svana i Europa. I utsjånaden er ho mykje lik songsvane (Cygnus cygnus), med ei fullstendig kvit fjørdrakt, svarte bein og gul nebbrot. Ungfuglane er bleik gråkvite i farga. Dvergsvana kan skiljast frå songsvana i storleik, er meir kompakt med relativt større hovud enn songsvana. Det beste kjenneteiknet er storleiken på det svarte område på nebbet. Hos dvergsvana går dette høgare opp enn hos songsvana slik at det gule feltet hos dvergsvana får ei langt mindre avlang form. Hos underarten columbianus i Nord-Amerika kan det gule område vere endra mindre.
Dvergsvana er den av alle fugleartar i verda som har flest fjør, i vinterdrakt kan ho ha over 25 000 fjør.[1]
Læte
endreSongsvana er kjent for sine trompetstøyt. Men samanlikna med songsvana har dvergsvana ein høgare nasal lyd i eit litt høgare stemmeleie. Støyta kjem to og to eller enkeltvis der songsvana gjev tre eller fire støyt i ein serie.
Utbreiing
endreDvergsvana hekkar på tundraen i Eurasia frå Kolahalvøya i vest og over til munningen av Kolymaelva i austre Sibir, heile hekkeområde er i Russland. Om hausten flyttar dei vestlege fuglane til kystane ved Kvitsjøen og Austersjøen, og fuglane overvintrar ved Nordsjøkystar, i Tyskland, England og Irland. Andre grupper overvintrar ved Kaspihavet, ved Aralsjøen og i Aust-Asia. Underarten columbianus hekkar i kystområde i Alaska og Canada. Dei har typisk overvintringsområde langs stillehavskysten frå Sør-Alaska til California.
I hekketida føretrekk dei habitat av myr og grunne tjern som er rik på vegetasjon. Om vinteren kan dei beite på grasmarker ved kystar. I denne tida blandar dei seg ofte med songsvaner.
Forplanting
endreDvergsvaner kan danne par når dei er 3–4 år gamle, men dei hekkar ikkje før dei er 5–6 år. Som andre svaner er dei monogame til ein i paret døyr. Vanlegvis er det 3–5 egg i kvart kull, rugetida er om lag 29–30 dagar. Ungane kan flyge etter 40 til 45 dagar. Begge foreldre ar aktive i å syte for ungekullet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zwergschwan» frå Wikipedia på tysk, den 17. januar 2009.
- Svensson L, Grant: Gyldendals store fugleguide, Gyldendal norsk forlag, 1999
- The Zoological Society of San Diego: Animal Bytes: Birds
- Referansar
Bakgrunnsstoff
endre- (no) dvergsvane hos Artsdatabanken
- (en) dvergsvane – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) dvergsvane i Encyclopedia of Life
- (en) dvergsvane i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) dvergsvane hos Dyntaxa
- (en) dvergsvane hos Fossilworks
- (en) dvergsvane hos ITIS
- (en) dvergsvane hos NCBI
- (en) Kategori:Cygnus columbianus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cygnus columbianus – detaljert informasjon på Wikispecies