Christian Krohg
Christian Krohg (13. august 1852–16. oktober 1925) var ein norsk målar, forfattar og journalist.[1] Han vert halden for å vere ein av dei største norske biletkunstnarane og han var den viktigaste kunstnaren innan naturalismen i Noreg.
Christian Krohg | |
Foto: Martin Finborud
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. august 1852 Vestre Aker |
Død |
16. oktober 1925 (73 år) |
Yrke | kunstmålar, professor, skribent, journalist |
Sjanger | portrett |
Medlem av | Skagensmålarane, Grezkolonien |
Far | Georg Anton Krohg |
Ektefelle | Oda Krohg |
Born | Per Krohg, Nana Krohg Schweigaard |
Christian Krohg på Commons |
Krohg var fødd i Oslo. Då han reiste til Tyskland for å studere kunst i 1874, var han allereie utdanna jurist frå Universitetet i Oslo. Krohg studerte fyrst i Karlsruhe og så i Berlin. Han blei ein av skagensmålarane, og gjennom opphalda sine på Skagen, dit han kom fyrste gong i 1879, fekk han arbeide saman med målarar som Peder Severin Krøyer, og Anna og Michael Ancher. Dei påverka alle kvarandre og fleire av dei beste måleria hans vart til i Skagen.
Krohg var sterkt inspirert av tenkjarar innan realismen og valde motiv frå kvardagslivet og bileta kunne ofte skildre urett eller sosial naud. Særleg kjend er måleriet Albertine i politilægens venteværelse, som gjengjev ein scene frå hans eigen roman, Albertine frå 1886. Boka skildrar prostitusjon og vakte stor oppsikt og vart inndregen av politiet.
Krohg var også journalist i Verdens Gang (1890—1910), og professor og direktør ved Statens kunstakademi (1909—25). I perioden 1901 til 1909 budde han med familien i Paris.
Krogh var son av Georg Anton Krohg.[1] Han var gift med Oda Krohg og far til Nana Krohg Schweigaard og Per Krohg.[2][3]
Nasjonalgalleriet i Oslo har mange viktige verk av Christian Krohg, mellom anna Albertine i politilægens venteværelse og Kampen for tilværelsen. Han er også godt representert ved andre norske museum og ved musea i Skagen, København, Stockholm, Malmö og Göteborg.
Christian Krohg ligg gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Christian Krohg». Norsk kunstnerleksikon. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Christian Krohg». Norsk biografisk leksikon. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Nana Krohg Schweigaard». Norsk kunstnerleksikon. Henta 31. mai 2018.