[go: up one dir, main page]

California Institute of Technology

California Institute of Technology er eit privat forskingsbasert universitet i Pasadena i delstaten California i USA. Det vert jamleg rangert som eit av dei ti fremste teknologiske universiteta i verda, og har hatt fleire nobelprisvinnarar blant studentane og lærekreftene her.

Millikan Library.

Caltech hadde i 2008 femte plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]

Caltech vart grunnlagt i 1891 av den lokale forretningsmannen Amos G. Throop. Astronomen George Ellery Hale spelte ei viktig rolle i oppbygginga og var frå 1907 leiar for Mt. Wilson-observatoriet. Caltech fekk det noverande namnet i 1921.

Det er 2 086 studentar ved Caltech (2006), og skulepengane er US$ 32 835. Undervisinga vert gjeve opp til doktorgradsnivå (Ph.D).

Kjelder

endre
  1. Times – THES QS Top Universities, 201-300.

Bakgrunnsstoff

endre