Blackpool
Blackpool er ein by ved Irskesjøen i det nordvestlege England. Tradisjonelt har byen vore ein del av Lancashire, men frå og med 1. april 1998 har byen vore under sjølvstendig administrasjon som ei sameint styresmakt. Byen har kring 140 000 innbyggjarar.
Blackpool | ||
---|---|---|
Blackpool Tower og stranda | ||
Byvåpenet til Blackpool |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lancashire | |
Distrikt | Sameint styresmakt | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
34,92 km² | |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik |
141 900 4 063,6 /km² | |
Koordinatar | 53°48′51″N 03°03′01″W / 53.81417°N 3.05028°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | FY0-4 | |
Nettstad: www.blackpool.gov.uk | ||
Byen er ein populær ferie- og badestad, samt konferansby, med mange millionar vitjande kvart år. Byen har ei 11 km lang sandstrand og fornøyelsespark. Det 158 meter høge Blackpool Tower er ein av attraksjonane i byen og er inspirert av Eiffeltårnet i Paris. Byen er òg kjend som ein tradisjonell feriestad og for Premier League-laget Blackpool FC.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blackpool» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2011.