Avarisk
Avarisk er eit språk som blir snakka av avarane, ei folkegruppe i Kaukasus. Språket blir brukt hovudsakleg i Dagestan, for det meste i den sørlege delen av republikken. Presidenten i Dagestan frå 2006 til 2010, Mukhu Alijev, er avarisk.
Avarisk авар avar | ||
Klassifisering | Dagestansk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland Aserbajdsjan | |
Avarisktalande i alt | 600 959[1] | |
Skriftsystem | Det kyrilliske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | av | |
ISO 639-2 | ava | |
ISO 639-3 | ava | |
Wikipedia på avarisk |
Ved folketeljinga i 2010 vart det registrert om lag 715 000 avarisktalande i Russland.[2] Det avariske språket blir òg tala av grupper i regionen Zakatala i Aserbajdsjan, i Georgia og Kasakhstan, i Jordan og Tyrkia.
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ Ethnologue-tal frå 1989
- ↑ Vserossijskaja perepis naselenija 2010 Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010